mandag 30. desember 2013

Søndagsmat i skogen

Innimellom alt ruskeveret har det vore
litt bra ver også.
 
 
 
Sist søndag,
og
denne søndagen,
var det faktisk opphaldsver !
Vi tok med grillmat,
 vaffeljern
og vaffelrøre på flaske -
opp i skogen,
til grillplassen
vår.
 
Å, kor godt mat smake ute.
Vi greide akkurat å få i oss
maten
....før regnet kom tilbake...
 




 
 
Godt med varm drikke på litt
kalde dagar!
 
Stormen har heja i skogen vår.
 
22.des.
Leik med kongler i skogen,
medan vi vente på
at bålet skal
bli klar for
matlaging !
 
 
Konklusjon:
Nytta og nyta  finveret !!
Uversdagane kan vi nyta inne !
 Silje


fredag 27. desember 2013

Tur i skogen - og fars fiskesuppe

Ruskete julehelg -
mykje vind og regn
-
men i går var det godt
med opphald og eit
streif av sol.
 
Det gjorde godt med ein tur i skogen,
etter så mykje helg og mat !
-sjølv om begge deler er kjekt.
 
Fotoapparatet var med som vanleg-
og linsa har "auge" for små vanlege ting
- som mose, bregner og rare tre..
 





Ein fotojegers kamuflasjetelt.
Ørneftograf
 









Godt med støvlar etter veret i går
Takk for turen!!
 


 Hjerte av sibirkornell
 
 Handlaga julekrybbe frå Midtausten.
 
 
Så fortsette "kokken"- far i huset
med fiskesuppa.
2.juledag er fast fiskesuppedag
her i huset.
Det tek fleire timar å koka den
-men å så god den blir.
Oppskrifta er visst hemmeleg-
men litt har eg då fått med meg...
 
Masse gode grønsaker vart kokt/trekt saman
med hummarkrafta frå julelunsjen.
Det heiter seg at ein skal ha 7 slag fisk/skalldyr
i suppa, i dag vart det fem.
 
 

 
Når suppa er ferdig,
slår ein fløyte oppi,
den jevne fint.
Før du ause opp,
kan ein leggja renska reker og hummar
i botnen av suppetallerkenen.
Server med flattbrød,
eller nysteikte grove rundstykker !
Hugs å tilpassa suppas innhold etter
gjestene.
 
Her i huset blir det laga ei diger gryte
suppe.
Så frys vi suppa ned i passe
posjonar.
Nydelegt å ta opp ein kald vinterkveld,
eller når ein treng ein kjapp middag
etter ein travel dag!!
 
ÅÅÅÅÅ så godt det er med fisk
etter eit par dagar med kjøt.
 
Ha ein fortsatt fin 3.juledag.
Julehilsen frå
Silje
 
 
 

tirsdag 17. desember 2013

Lys i mørke

LYS  -HÅP
 


"Det sanne LYSET
som lyser for kvart menneske,
kom no til verda.


Han var i verda,
og verda vart til ved han,
og verda kjende han ikkje.
 
Han kom til sitt eige,
og hans eigne tok ikkje imot han.

 
Men alle dei som tok imot han,
dei gav han rett til å bli Guds barn,
dei som trur på namnet hans."
Frå Bibelen(Johannes 1)
 


 
4.søndag i advent vert
Josef og Maria sett inn i stallen,
og julafta vert krybba med Jesusbarnet
sett ut i stallen
-
 og så er det jul


søndag 15. desember 2013

Tenn lys !

 
Nå har vi tent tre lys i "adventsstaken".
Det betyr at det nerme seg jul....
Det auke litt etter litt med kakeboksar -
og minke i boksane...
men det smake som kjent best med
småkaker på forhånd..

"Tenn lys!
Tre lys skal flamme for alle som må sloss.
For rettferd og for frihet. De trenger hjelp fra oss.
Må ingen miste motet før alle folk er ett.
Tenn lys for de som kjemper for frihet og for rett."
 

Morgon på Vestlandet...........



men det forandre seg fort....

Rusletur i skogen

 
Ein tur i skogen gjer godt for kropp og sjel
Bergfletta klore seg fast,
og står for
vind
og vær.
 

 
grøn og flott veks ho oppetter eikestamma
 

 
og når stadig høgare opp.
 

 
Like ved Berfletta
 

 
Ikkje vanskeleg å sjå at det har
regna
mykje i det siste..
og meir skal det bli...
spørst om det blir kvit jul i år...?
 
Søndagshilsen
Silje
 


torsdag 12. desember 2013

Sølvpuss + bok

Av og til ein gjere
nokre kjedelege ting før jul -
sjølv om eg hadde som mål å kose
meg nå i desember.
Jo, "arvegodset" var svart -
så det var nødvendig å gjere ein jobb her ...
 
Men eit godt tips:
sett på ei lydbok til arbeidet,
så går alt så mykje betre !!
Akkurat no høyrer eg
"Fredagsstrikkeklubben" av Kate Jacobs.
 
Trur helst det er ei bok for oss kvinner, ja.
Litt rotete i starten, men
vart betre utover i historia.
Men altså, ikkje ei lydbok eg la
bort!
 



Eit godt sitat eg måtte ha med:
 
"Rett og vrang
Disse maskene er utgangspunkter for all strikking, og danner basis for et hvert plagg. Den rette masken er en rekke med flate, vertikale løkker som gir den glattstrikkede flaten, og den vrange masken er dens motsats. Den ene siden er glatt, den andre ruglete. Rettsiden er den du viser verden, vrangen er den myke, knudrete baksiden du bærer nærmest huden. "


  
For eit fantastisk morgonlys!!
 



 
Godt med eit så flott syn,
for seinare på formiddagen vart det
øs pøs regn - og det har det fortsett med i dag.
 
Men tilbake til "arvegodset" ....
 
Silje


onsdag 11. desember 2013

På kinodøra

 
Mange gode kloke, morsomme ord og setningar
kan ein finna her og der.
I dag fann eg både ein og fleire !
på ei kinodør
- på ei skapdør.
 
 
 
 



 
Ord til ettertanke.
 
Hilsen Silje

tirsdag 10. desember 2013

Ny sort

Prøver
å baka ein ny sort
julekaker kvart år-
I år fann eg ei oppsakrifdt på
trinesmatblogg.no
Det finns visstnok mange sortar
biscotti.
Eg prøvde jule-varianten.
Men eg laga min eigen variant,
sidan eg ikkje hadde alle ingrediensane.
Brukte fruktblanding og skal av appelsin
istadenfor tørka tranebær og sitron.
 
Synes dei vart gode !
God og frisk smak av appelsin og fruktblanding.
Så takk til Trine !
 
 
Deigpølsene klar til steiking

 
Vart steikte i ca.25 .in. og skore opp
like etterpå.
 
Familien fekk ein smakebit etter middagen.
 
Lykke til alle småkakebakarar !
Heldigvis "mange" dagar att til jul.
 
Hilsen Silje
 
 


mandag 9. desember 2013

Snø-regn -og skodde

Vestlandsveret, ja, slik er det, veldig ofte.
Men veret kan ingen gjere
noko med.
Berre godta
det.
Og prøve
å finna
positive ting
- slik at dagen for
oss ikkje blir så grå!
 
 
Leit -
så skal du sjå
at det faktisk finst mange
ting å takka for
- i dag også -
 


 
 
Mandagshilsen
Silje