mandag 8. juli 2013

Romantisk kveldstur søndagskveld

Ved tjernet

Lykken er
å gå tur med den du elske
ein fin sommarkveld
stille
med kveldssol
Sitja saman på steinen
ved det vesle tjernet.
Sjå på kvite, gule, rosa og raude
vannliljer
nyta speglbilde
av plantene
leggja seg ned ved vannkanten
og studera liljene
VANN-VITTIG FLOTTE !!
Rusla hand i hand
tilbake til heimen
med eit flott
kveldsbilde-minne
i sjela..
 







 


søndag 7. juli 2013

Sommar fargar og dufter......i juli.

Sommar
Det er ei nyeleg tid på året.
Eg verkeleg kose meg med alle blomstene i hagen og hagearbeid!
Det gjer godt for kropp og sjel.
På min daglege tur med hunden, oppleve eg alt
det fantastiske Guds skaparvek.
Markblomster, trær, bregner, fuglar, reir og mykje mykje meir.....

I hagen blomstre det kvitt og dufte nydelegt!
Reine parafymen!
Det er Duftsjasmin og Svarthyllblomstene som glede alle på garden 
og alle gjester som stikk innom!!!

Nå ha eg plukka inn mange hylleblomster og sett råsaft av blomstene!
Fantastisk duft i huset.

Eg dele gjerne oppskrifta med deg.
Den er kommen frå Halsenøy kloster, Kansje den er gammal då ?

 
 
 
HYLLEBLOMST-SAFT
30 klasar hylleblomster
2 stk.sitroner - skjær i tynne skiver
50. vinsyre el. sitronsyre
2 kg.sukker
2 liter vatn
 
1. Plukk 30 klasar blomster. Klipp bort den tjukke stilken.
     (treng ikkje skylla)
2. Kok opp vatn. Rør ut sukkeret.
3. Legg lagvis - blomster - tynne skiver - vinsyre
4. Slå over sukkerlaken.
5. Sett på kald matbod eller i kjøleskap i 4 døger.
6. Sil safta i sileklede eller anna tøy.
7. Frys i flasker - små porsjonar.
 
Dette er konsentrert hylleblomstsaft. Blandes med vatn eller faris.
Smak til passe saft.
Safta varer berre ca.ei veke i kjøleskapet, sidan det er råsaft.
 
Tips! Nyt hylleblomst-saft om vinteren når det er kaldt og surt og
du lengtar etter sommar, sol og gode dufter!
 



 
 
 
Sett deg ut i sola - og nyyyyyt eit glas hylleblomst-saft frå hagen!
God søndag !