mandag 29. september 2014

Septembermorgon

På veg til jobb 
køyrde eg forbi denne vesle
tjørna.
Eg måtte berre stansa for å nyta synet.
...Og heldigvis hadde eg fotoapparatet
med denne morgonen








Stille morgon ved tjernet
Stille morgon,
haustmorgon.
Ikkje eit pust.
Tjernet er som eit under.
Uendeleg vakkert.
Alt rundt det vesle tjernet
speglar seg.
Alt vil vera med.
Så vakkert,
Og så flott !
Slik ein september-spegel !

Ser du spegel-bildet ditt.
Då ser du eit under frå Vårherre.
Litt av Hans skaparverk.
Han skapte deg heilt perfekt
etter sitt hjarta,
som i ein spegel.
Du er eit vakkert bilete for Herren
Eit bilete av stor verdi
Sjå berre, i spegelen
I tjernet
Ein stille
septembermorgon
Silje




















men flottast er dei bildene som er gøymt
i minnet
- lyset
- stillheten
- ro i sinnet
- og gleda over ein ny dag
- ein ny dag 
med nye mulighet
ein ny dag frå Vårherre

September-helsing 
Silje

søndag 28. september 2014

Blomster i september

I sommar blomstra det flott,
men september 
er ikkje så
verst
den heller.
Sjå berre her:

Nokre av blomstene som framleis 
glede alle som kjem til gards.




Den gule og den rosa blomstre fint nå.
Men den dobble rosa, "Salamon perfection",
døde i vinter.
Kanskje ikkje så lett å få til ?





Fucsiaen "Walz Jubelteen" 



Sedumplanta "Herbstfreude" eller Bergknapp 
som den helst går under her, 
er flotte i dekorasjonar, 
eller i vase saman med
roser

 Aspirin rosa har blomstra fint heile sommaren,
er fin saman med "Leonardo da Vincy"
-
rosa nedafor -




Solhatt, den einaste som stod att etter lukehjelp...
...men veldig glad for lukehjelp
i ei travel tid på mange måtar....


  Georgina, "Mistery Day", vekker oppsikt i hagen 
med sin spesielle "fargekonstruksjon"



Ein einsleg blomkarse fekk lov å veksa saman med 
fucsia og roser
............................



Astrid Lindgren rosa er nesten som ei masipanrose
- til å eta opp
men istadenfor får vi nyta synet !

Silje



















fredag 26. september 2014

Lille pusekatt, hvor har du vært ....

Den kvite hankatten vår
forsvann i vinter.
Det var litt 
trist,
for det har ulldra
av mus i vår/sommar....

Så då hadde vi ein ting å gjera,
skaffa oss ein ny liten pus.
Etter mange år vart det ein glatthåra,
liten skjønnas !



SNØSOKK er 
ein hokatt.
Ein flink liten
musekatt !
Heldigvis !
Om kvelden tek vi bort 
maten,
då er den svulten,
og fangar mus....

Men den like også å vera inne,
og få masse kos !

...og tar seg til rette...
Aller best like den
pappas fang !

(..den er heldigvis venn med hønene mine,
som får gå fritt omkring i hagen )


Vanskeleg å forstå
kvifor den heite "Snøsokk" ?




Ha ein fin,og 
KOSELEG
fredag...
med eller utan katt ...

Silje

torsdag 25. september 2014

Nye roser i sommar

FLEIRE ROSER
i rosebedet mitt !

" Rhapsody in Blue" 
er ei Buskrose.
Ei blålilla rose med kvit streng.
Enkle middelstore blomster.
Svak duft.
Trivest best i halvskugge 
- foran den kvite Luise Buget  rosa.
Den har blomstra fint, til stor glede.
Det gjennstår å sjå om den vil klara vinteren.









ROSA  "FLOWER  POWER "
Det er ei låg rose med buskete vekst, ca.40 cm.
Små fyllte ferskenrosa blomster.i store mengder.
Frisk og lettstelt rose.
Passer godt i bed og krukker.











Som de ser, så måtte vi leggja dryppvatning
den varmaste
og tørraste perioden i sommar.

 

"Augusta Luise "
er ei aprikosfarga buskrose.
Mørkast ytterst, og lysast i midten.
80-120 cm.høg. Duftar litt.
Er riktblomstrande.
Store flotte blomster etter mi meining.






Desse tre rosene, saman med alle dei andre,
har vore flotte i sommar.
Til stor glede for familiane her,
og forhåpentlegvis for alle forbipasserande.
Her er masse hytter i området,
og mange som spasserer forbi rosehagen....
spesiellt tyske turistar.

Enda blomstrar rosene fint, men
så har vi også hatt ein flott haust
her på Vestlandet !

Roser i september - det er glede det !!
Hilsen Silje