søndag 19. oktober 2014

Haust-tur i oktober

Det gjer godt 
å vera med ektefellen 
på ein liten tur i marka
og opp på fjellet.
Å ha godt tur-lag er 
alltid kjekt !
Spesielt den ein er 
 glad i.
Godt å dela fine opplevingar.

I dag var det 
vind og skodde.
Men fint var det likevel !











Bjørneskjegg i haustdrakt



Bjørneskjegg i sommar-drakt

Dette er ei grasliknande plante som veks i tette tuer. 
Stråa er stive, og har nokre 
få små gulbrune blomster. 
Bjørneskjegg er ein fleirårig urt i
sivaksslekta.
Den høyre til i starrfamilien.
Planta veks på myrar og i
fuktig lyngvegetasjon.
I floraen les ein og om kystbjørneskjegg,
men eg veit ikkje forskjellen.






Ingen utsikt på toppen i dag.





Kvilestubben...

Den kan trengjast  
av og til i livet....

Takk for turen !

Søndagshilsen Silje

lørdag 4. oktober 2014

HØNS I HAGEN


"Pål sine høner,
på haugen han sleppte,...."

Her har det vore
høner og hanar som 
har kost seg i hagen min,
og nytt den flotte sommaren
med blomster og andre vekstar,
og forhåpentlegvis så har dei plukka i seg 
nokre småkryp også.
Brødrestar er populert,
då "rope" hanefar,
og vips så er alle hønene der.

Det vart blodig hanekamp, då eg sleppte
dei to hanane saman.
Men, det gjekk seg til,
og stort sett så vart det den 
svarte som 
vart sjefen.


Det er dverghøns av
rasen kochin.
Nokre er blanding, med ulike fargar,
medan dei svarte og dei kvite er reinrase.
som dei ein ser her på bileta.
Karakteristisk er "stjerten" og fjær på beina,
for denne rasen.

I haust fann eg den kvite fine hanen 
daud i hønehuset.
men har ikkje funne ut kva det kunne ha vore,
sidan livet tok så brå ein ende.

Silje