søndag 28. desember 2014

Vinterhagen

Vekommen 
til å gå ein liten tur i hagen, 
no i slutten av desember.



Duftsjasmin og vrihassel lagar fin portal,
sommar som vinter

I går lava snøen ned her -
snøen var kram - fin å forma for dei som likar 
snømenn - snølykter ol.

Beda er dekka av kvit fin snø
. berre lange stauder står med visne strå !


Naturens kunstverk



Astrid Lindgren roser
- dei siste for i år


Kirsebærtreet med bustad for
småfuglar om sommaren



Sedum i vinterdrakt





Årets siste gule rose
- kanskje ei Fresia rose ?




Dei fleste krukkene er i hus nå...



Roser og andre planter har det fint under
den kvite "snødyna"

Steinskulptur i hagen....


Ei lita gran har blitt pynta med lys og snø



Det gamle eldhuset på garden
Her blir det lagra ved i det eine rommet
- det andre rommet vart brukt til å røykja fisk
spes.tørrsild, for nokre år sidan !



Mellom greinen på ei stor barlind -
- skimtar ein eit av husa på garden

Vintrane her på Sør - Vestlandet er som oftast
milde
men av og til blir det minusgrader her og.
Alle fucsiaene har stått i drivhuset til no.
(kald-drivhus)
Nokre blomstrar framleis....

Men i dag måtte vi køyra dei største plantene
ned i eit gamalt fjøs,
saman med engletrompetane
- og fire kaniner.
- 4 grader.

Dei mindre plantene har fått
plass på plantebordet,
i same rom som hunden vår.

No gjeld det berre å hugsa på å gi dei litt
vatn i ny og ne.....

Alle georgine-knollane har fått plass
under trappa i kjellaren.

Silje




fredag 26. desember 2014

SNØ I DAG

2.JULEDAG
I dag vakna vi til kvit jul !
Det var eit flott syn, nydeleg kvit rein snø...
Ikkje kvart år vi har snø i jula her på
sør Vestlandet !
Men - kor lenge ligg den ?


I går kveld koste vi oss med god mat -
og ein god film:
- spør om vi lo og koste oss !
Kan verkeleg anbefala denne julefilmen,
for både små og store !!

0

Solan, Ludvig og Reodor er tilbake.
-
 i dag har det komme fleire snøbyger !

Ein luftetur ut i skogen i dag òg.
-Godt for kropp og sjel !!
Prøv !
Ta med fotoapparatet - ein veit aldri om det dukkar opp 
fine motiv !





Før snøbygene i dag.
Ei fin lysstripe på andre sida av fjorden.



 Åååååååååå  .....så godt og friskt det er ute !
Ca.8-10 cm.snødybde.


 Blanda skog




Tungt å gå opp bakkane.. hjelper på kondisjonen....






Opp til "Fossen" og over bekken.



Bålplassen vår.
Litt måking - og så skulle plassen og gruva vera klar
- veden ligg under steinbordet !





Det har regna masse i det siste -
så litt vått var det på stien langs steingarden





I går gjekk eg over denne vesle dammen
- og trødde gjennom isen og vart våt

idag gjekk eg same stien
-og i dag gjekk det betre
eg kom meg tørrskodd over isen og dammen

Det var då eg kom til å tenkja på Alf Prøysen 
sin kjendte song
"Du skal få ein dag i mårå"

Prøysen:
Du ska få en dag i mårå, som rein og ubrukt står
med blanke ark og fargestifter tel,
og da kan du rette oppatt alle feil i frå i går
og da får du det så godt i mårå kveld,
og om du itte greier det og æilt er like trist,
så ska du høre suset over furua som sist.
Du ska få en dag i mårå som rein og ubrukt står
med blanke ark og farjestifter tel.





På veg heim gjekk eg forbi naboungane som
endeleg fekk kosa seg med å laga snømann
i kram snø.
Gardintrappa var framme -
og heile tre meter var snømannen.
Ein ekte "Vikingpatriot "

2.juledagshelsing
Silje

torsdag 25. desember 2014

Jul ute - jul inne

- jul i hjertet 
- jul i sinnet
- jul - bare jul


Førjulstid
og julekos på låven !
Heile storfamilien 
- kjempestas !
Godt med stor låve.



Årets siste hummar...
dei fekk komma på lunsjbordet, julafta
- til glede for alle -




1.juledag -
nokre snøfnugg på haustens  eikeblad




Det gjer godt med ein tur opp bakkane 
- og innover i skogen
- det blir så altfor masse god mat ....




Tynt lag med is på små pyttar....
- og litt kvitare lengre oppe i heia



 Årets siste rose i hagen min - med ett lett snødryss



Ingen bær på kristornbusken i hagen min i år !



Pappa har pynta litt utafor 
- trur "Snøsokk" syntes
det var fint !

Ei velsigna god julehelg!


Julehelsing
Silje

tirsdag 2. desember 2014

Mikkel rev

I utgangspunktet
var mannen på hjortejakt -

men det var ein rev som kom inn
i geværsiktet.

I år er det mykje rev her i området -
 Sauebøndene her har mista
ein del lam i dei siste åra -
reven er syndaren -
Derfor er det skotpremie på rev
her i kommunen.



Rovdyr med rovdyrtenner.......







Ein mindre sauejeger !

Silje