onsdag 29. januar 2014

Kinakoppar

Så kjekt å få slik ein koseleg
PRESANG !
og så praktiske dei var.
Te-koppar
snakkar eg om.
Ekte kina-koppar.
Eg er veldig glad i te
alle slag.



Fire deler.
Syntes det såg ut som noko dill-dall
då vi fekk dei.


Men lurt å prøva ein ting
før ein uttale seg...
Oppi koppen er det ein sil,
her slår ein
te i laus vekt.




- slår deretter vatn oppi her,
og set på lokket.
Vent !


Ta opp"te-silen"
og set den på tefatet.

Så er det bare å nyta teen
i lange drag, med ei god bok,
(no:Porselenspiken av Gunn Marit Nisja)
Blir boka for spannande
- og du vil drikka teen om ei stund
- så set ein lokket på koppen !
Genialt - ikkje sant !

Ha ein fin ondagskveld,


med - eller utan kinate-kopp!

Silje


søndag 19. januar 2014

I Guds fargepalett


JANUAR - VINTER- OG FARGAR

Verda er grå, det er vinter.
Verda er brun, det er vinter.
Verda er svart, det er vinter
- i tankane mine -
Verda er kvit, det er vinter
-av og til
-i tanakane mine
Men mest er den grå.
Trist og grå.
Er sur, og alt går i stå.

Tenk om vinteren var gul,
orange eller raud !
Ein fargeglad vinter !
Men alt er grått
- naturen
-til og med menneska.

Nei, ikkje alt er grått.
Vinteren er ein anelse rosa.
Ei ROSA JULEROSE
Ein fargeklatt i
Guds fargepalett.
Akkurat så pass mykje farge
at ein blir glad
- sjølv midt i det gråe
- sjølv om det er langt til vår
- og sol og varme er langt i det fjerne.
Kjære JULEROSE,
- takk for at du finnes !
- og at du kjære medmenneske finnes !
Du kan også vera med og 
setja farge på dagen
- for meg
-og for andre.
31.1-2005
Silje




Litt vanskeleg å ha blomster i vase inne. ...
Men eit godt tips er å snitta opp nederste delen av stengelen i
fire - då vil blomsten lettare trekkja opp vatn.
MEN - hugs at planta er svært giftig.


Julerosa (Helleborus)
blir rekna som den første juleblomsten, men så vart den "ut" som juleblomst.
Nå er den blitt populær att i den norske heimen.
Planta treng godt stell, og er ei uteplante som treng mykje lys.
Inne i ei varm stove vil blada snart bli gule.
Men sett den ut medan det er mildver, inntil veggen,
litt lunt.
Mi plante "tok seg oppat" etterat eg sette den ut.
Sjå korga på bildet.







Planta likar seg mellom 4-12 grader.
Den kvite julerosa har vore noko vanskeleg å få til å overleva i hagen,
medan den rosa har blomstra flott i mange år.
Juleroser likar ikkje så godt å bli flytta på i hagen.
Men det går fint å dela opp planta,
slik at andre også kan nyta denne flotte planta på vinteren !







Julerose er ei planteslekt i soleiefamilien, og alle desse plantene
er giftige. Ingen blomsterlukt.
Dei har store, delte blad og blomar med stort, farga beger,
og små røyrforma og nektarberande kronblad.
Men planta produserer ikkje bær, dermed har
ein ikkje det problemet når ein har små barn.
Det fins 20 artar i slekta, dei fleste i
Sør-Europa og Middelhavslanda.
Av desse dyrkar vi kvit julerose (H.niger),
som har svart jordstengel og kvite begerblad,
grøn julerose(H.viridis), og
hagejulerose(H.x hybidus), ein hybrid med
raudbrune begerblad.












Julerosa blomstrar i mange veker, og har eit flott vintergrønt bladverk.
Her på Vestlandet med fuktig klima, får ein lett svarte flekkar av sopp på blada.
Så, kvar vår/sommar klippe eg bort dei gamle brune blada.
Dermed avgrense eg soppangrepet, og som takk
vise planta fram dei fine blomstene !
Om sommaren veks det opp fine nye grøne blad.
Dei likar å stå i skuggen, under eit lauvtre.
Hos meg står den under eit epletre !





 Fra :  Urtekildens planteleksikon
Legender om julerosen

I et fransk, folkelig julespill fra middelalderen fortelles det en vakker legende av hvordan julerosen ble til. I spillet opptrer de hellige tre konger, og bondepiken Madelon slår følge med dem på deres vei til Betlehem. Men mens kongene bærer frem deres kostbare gaver, gråter Madelon fordi hun ikke kan gi barnet noe offer, ikke en gang en blomst, fordi det er vinter. En engel viser seg da for henne og fører henne utenfor stallen. Der hvor engelens vinge rører ved jorden springer det, midt i vintermørket og kulden, fram en blomst fra jorda. Dette er julerosen, som Madelon nå kan plukke og bringe Frelseren som sin ydmyke hyllest. En annen legende forteller at blomstene til julerosen opprinnelig var svarte, men at de mirakuløst ble hvite som snø da Jesus ble født.





I bloggen INGVILLS  HAGE finn du og eit fint innlegg om juleroser !

Januarhelsing  - på ein søndag

Silje




torsdag 16. januar 2014

Bort med englane


Nei - ikkje alle skal pakkast bort.
Nokre har eg framme ei stund framover,
andre kan eg ha heile året !
Dei er berre SÅ skjønne !

Smiler når eg ser dei ulike
"englehistoriene "
bak ein del av englane
mine.




Laga av ei gamal dame her i bygda.















Salmene i Bibelen:
"For han skal gje
englane sine påbod
om å verna deg på alle dine vegar..."

Julesong:
"Engler daler ned i skjul...."

Englehilsen langt uti januar
Silje





søndag 12. januar 2014

SOL

TUR I SKOGEN
MIDDAG PÅ GRUA

Ein fin søndag 
-familiedag for oss


Det er sol - vindstille - og kaldt

På med ull - fleese -støvlar -luer 
og gode turkler.

Sekkane blir fylt opp med grillmat
og andre uteting.


Ulike turruter blei vald, alt etter formen..
eg valde ei rute for meg sjølv
ein ny "klippt" sti 
gjennom 
skogen.
Spennande å finna fram.


-måtte finna ut kvar fossen kom frå..
litt ulent
-det gjeld om å passa seg..


-ein sopp som står att frå i haust


over ein bekk



gjennom skogen
inn på ein liten sti ....


Var det her eller der ? 

Her er det klipt litt .....


fasinerande 


HER er stien 
dei fleste
går på ....


- så fann eg fram til slutt -
og fornøyd var eg.


Jo, det er nok minusgrader !

Fint å møtast att, og grilla middagen på gruva
- heile gjengen.
Å,,,så vi kosa oss...



Anbefales på det sterkaste.
Å bruka søndagen slik,
det gir glede 
- og ny energi for ei ny
veke !!




God søndagskveld!
Silje

































onsdag 8. januar 2014

Inn i skapet




Nå har eg  fått pakka bort nissane.
Ned i kassa med alle saman,
og så inn i
skapet !


Alt anna julepynt
er og rydda bort!


Mange nissar med
mange ulike historier.
Nissar ungane har laga
på skulen
- frå juleverksstader
- frå julegaver
- eller ....

Mange "fasongar"
- store og små
- snille-glade
osv.




Eg har gøymt på mange av
det ungane har laga
- nå får dei nissar og anna pynt
inn i dei nye heimane sine.





Tida går
år for år..





Visste du at ......
Vår norske nisse har lite å gjøre med den julenissen
som kommer med gaver til barna. Nissen var gårdens
private lille husgud og skulle verne om gården og de
som bodde der. Han har røtter tilbake til førkristen tid,
og han har mange navn: gardsbonden, tunkallen og
haugbonden er noen av dem. Det er viktig at han fikk
sin del av julegrøten, og derfor satte man grøt på låven
til nissen.....

Hilsen Silje