søndag 31. august 2014

Snart september - og haust

Så er eg tilbake....
etter tre flotte sommar-månader....
sol, varme og gode dagar...
og hagen har blomstra som aldri før...





lite regn, men tørke,
derfor litt stagnasjon i hagen !
MEN - summen av sommaren:
Fantastisk !

Men altså -
det vart ingen tid for blogging -
i sommar
blogging skal vera kjekt ...........
ikkje noko ein må....
Har ofte tenkt at: dette skulle eg hatt i bloggen min.
Nå ja -
"Ei tid for alt" - som det står i Bibelen.

Men no er det snart september og haust.
-
Så då kan eg leita fram sommarbilder....
og skriva litt  i bloggen min utover hausten..
når det regnar og bles ute -
og dagane vert kortare -
og ein tenner eit lys og nyt teen -

SØNDAG - SOL - SOMMAR

Det vart ein flott ettermiddag -
med grilling  - og tur på fjellet.



Det haustar i fjellet, blåbærlyngen har alt fått haustkåpa på.


Lauvfall......



Hei du - prøver du å gøyma deg ?



Det er visstnok eit godt soppår i år.
Store mengder steinsopp, som er ein god matsopp.
Men - ein bør ha kunnskap - eller få soppane kontrollert,
før ein brukar dei.
Eg kjenner den flotte kantarellen,
men den fann eg ikkje i dag.
Trudde eg hadde funne den - men så hadde den ikkje 
den velkjente kantarell-lukta !

MEN - mange andre soppar såg vi,
forskjellige i farge og form !!

 
Fluesoppen er flott - men ikkje matsopp !
Heller giftig !











Vi koste med ein matbit i ei lita laftahytte,
og der - gjennom den opne døra såg
vi plutseleg ein hønsehauk i ei bjørk like foran hytta !
flott fugl - den fauk heilt lydlaust frå treet, enda så stor den var.




Akela er ein Gordon setter - ein fuglehund
- men ho går i band heldigvis -



Takk for ein flott dag -
ein flott augustmånad -
og ei flott sommar !!!

Sommarhelsing
frå Silje