torsdag 31. desember 2015

31.desember

Ønske alle 
eit 
velsigna 
Godt Nytt År!



Nyttårshelsing frå
Silje

mandag 28. desember 2015

Desember -2015





Desember 
er snart historie.




Juleførebuingane
er over
Julehelga likeeins.



Nå er det godt med kvardag
-vanleg mat - arbeid
tur i skogen (ikkje berre mat og selskap)
-klesvask

Det har vore mørkt
- og framleis er det mørkt
- men
det går mot lysare tider.
- for kvar dag.


Det har vore mange flotte
 desember-morgonar
- først mørke
- og så kjem sola-
godt å sitja i godstolen,
nyta frukosten
og soloppgangen.
-slappa av
og filosofera
litt over livet
-


Lyspunkt er det
i kvart eit liv
-
sjølv om det kan sjå
aldri så mørkt ut!



Solnedgang 



27.desember
og 1.snøen kom denne vinteren!
Så ligg hagen i dvale
- og ventar på våren
.
det gjer forresten eg og!!



Solnedgang


Pus er oppe i plommetreet
og leikar litt
med julelysa......


 Handlaga lyslykt
frå Lofoten.




Romjulshilsen
Silje


fredag 4. desember 2015

Til mor

4.des.
"Enhver kjærlig mor
har et hjem fullt av pussige 
ting. Gaver hun satte pris på. Smykker
du lagde som barn.
Krinolinedamer med forundring i blikket.
Pudler med øyne så store som
tinntallerkener.
Rustne kubjeller.
Kjærlighet på utstilling."

frå bordkallenderen
Mor 365
               en kjærlig hilsen

Kom til å tenkja på slle dei søte og
koselege nissane, englane, snømenn
og mykje, mykje meir som
vi har fått frå 
barna våre
opp gjennom skulealderen.
Dei er gull verd.




Hilsen
Silje

mandag 16. november 2015

Dyrene i hagen-nov-15

Haust i hagen
- i naturen
- og i dyrehaldet.

Vi har gleda oss over kaniner,
kattar,
og høns-kyllingar,
 i hagen vår i sommar.
Stort sett har det gått veldig fint!
I det siste har hauken fare med 2
fine hanekyllingar...
men ikkje utan kamp,
det fortelle fjørene etter kampen.





Svart - kvit og svart kaninunge.
Mora er kvit,
og faren svart.









Men-
det går mykje mat i desse dyra.
Så derfor...
har vi seldt dei tre skjønne kaninungane,
til ein dyrebutikk.

Dei tre hønekyllingane er også 
seldt.



Det vart mange hanekyllingar.
Dei vart gitt bort.

Kattungane har forsvunne, 
ein etter ein.
Berre ein att,
den er veldig lik mora,
og held seg ved husa.

Så håpe vi dei tek musene før  
dei kryp i hus.

Hilsen 
Silje






søndag 25. oktober 2015

Tranebær eller myrbær

Ein fantastisk flott 
haustdag i 
oktober.
Tur 
ut til
holmane, 



Medan mannen min
fora sauene, 
rusla eg
rundt  stranda og samla 
rekved for å grilla søndags-
middagen her.


Vi tenkte oss like bortafor i ei lita myr,
for å sjå etter tranebær.




I juni fann vi nemleg 
fine små rosa tranebærblomster






Navnet skyldes kanskje at kronbladene er bøyd tilbake, slik at støvbærerne og griflene stikker fram som nebbet på en trane. Denne egenskapen skiller tranebær fra de andre bærlyngartene, som har en klokkeformet blomst. (Kilde: Wikipedia -om tranebær)


Oppå mosen fann vi fine så 
bær. Dei likna mykje på
tyttebær.




Men så vart eg lei av å stå med 
rompa mot sky
- og nasen 
ned i mosen.



Og så lykkeleg eg vart -
for nedi mosen fann eg flotte tranebær.

To liter fann vi to på ei lita stund.
Har høyrt at dei smakar som 
tyttebær...
Joda -
 men litt mildare smak var det nå.
Vi fekk nokre fine små syltetøyglas
av bæra vi hadde
plukka!

Til julemiddagen kanskje ?




  • Tranebær (Cranberry, Vaccinium oxycoccos L) er mest kjent brukt ved forebygging og behandling av urinveisinfeksjon. 
  • Forskningen viser at tranebær muligens kan ha forebyggende effekt mot urinveisinfeksjoner, men ellers er urten ikke tilstrekkelig dokumentert til å kunne si noe om effekt.
    • Det finnes også flere grupper som enten bør unngå å bruke tranebær, eller drøfte eventuell bruk av tranebær med lege. Vær oppmerksom på at det engelske cranberry brukes om både tranebær og tyttebær.
  • http://www.nifab.no/faktaark/tranebaer






(Hugs at alle bildene er mine - teke av underteikna)

"Tyttebæret oppå tuva...."

eller

"Tranebæret nedi mosen...."

Hilsen
Silje

søndag 30. august 2015

Dyrene i hagen, august 15

Høner og kaniner 
kosar seg i min hage.
Ei hønemor med 13 kyllingar
pluss to andre som ho har adoptert.
Hanefar er med og "ropar" om både
mat og farar.

Kjekt med dyr i hagen -
MEN - ulempa er at dei grev verre i blomsterbeda,
og under trærne her.

Håpar dei tek sneglar!!








Vanilje  - den snillaste og tammaste kanina 
vi har hatt.
Ho får hoppa ut av buret sitt om 
morgonen
- om kvelden tek vi henne inn.
Vil ho ikkje bli "fanga"
hoppar ho inn sjølv om kvelden/natta.
Kaninene går fint saman med 
hønsa
og kattane

FARE 1:
Vi har rev i området
FARE 2:
Vegen går like ved, men ikkje så stor trafikk
Ho bryr seg ikkje særleg om bilen min..
eg må ut av bilen og flytta henne....








Oppbløyte skalkar er populert
og ellers alle slags bær -









Ho kanina vår 
og naboens kanin er veeeeldig gode venner...


Det skulle vera ei hokanin......


Kyllingar som koser seg mellom georginer og skaugum





Søndagshilsen frå 
Dyrene i hagen

Silje

tirsdag 11. august 2015

Blomsterhagen min

Del 2:
I august
Herlegt å  gå rundt i hagen og nyta blomstene
og duftene
- og fargane
la det vare leeeeeenge


Bassino - 
bunndekkande rose- småblomstrande
riktblomstrande og frisk rose




Apotekarrose 

















Flower Power




Fuchsia i mange variantar



Henge-fucksia - kjempestore blomster,
men utan namn då eg fekk den.
Fantastiske!


Fuchsia-stiklingar under steinbordet 
ved drivhuset.
spennande å sjå om ein får dei til.
Kjekt å dela!















"Border Queen"

Blomsterhilsen
Silje