søndag 15. mars 2015

HURRA DET ER VÅR

Oppi hassel-lia fann vi endeleg 
KUSOM,
så då er det vår!
Ein nydeleg vårblomst
-med ein nydeleg lysgul farge!




Eg fekk meg også ein flott tur til 
fjelltoppen.
Eit fantastisk kvelds-akvarell-bilde!
Berre til å nyta.
Eg deler synet og gleda med deg!





"Fager kveldsol smiler,
over heimen ned,
jord og himmel kviler,
stilt i heilag fred."




Søndagskveld
Silje





lørdag 14. mars 2015

Tema-mose-lav-og andre naturlige ting...........

Søndagstur i marka. (8.mars)


Eit par timars tur.
med mange fotopausar...
eg er velsigna med ein tolmodig mann.

I dag høyrde vi om Hasselrurlav i radioen.
Vi leita, men fann ikkje noko..
....og kusomen var heller ikkje komme så langt
- men blada stakk fram
- så det er håp!!

Men altså, ingen hasselrurlav,
men - vi fann mykje anna rart




- tenk så mange ulike mosa
- og lav
- og bregner
- og planter som er grøne året rundt!









Tyttebærlyngen er flott -
grøn og frisk heile året,
fin å bruka i ulike dekorasjonar.




Trur kanskje dette er Rødbeger eller Kystrødtopp ?






Trur dette er Melbeger


Naturens kunstverk!!



Kunstverk dette og !


Stri kråkefot
(Lusegras liknar denne)


















Etasjemose?

Desverre kan vi altfor lite om
lav og mosar
- men fantastisk
er det å studera 
ulike slag.
Det gjer ingen ting om vi ikkje kan namna..
berre nyta fargar-former-osb.


Sisselrot



Flott ikkje sant,
og når sola skin mellom greinene
er det som reine 
eventyrskogen!

Hilsen Silje






fredag 6. mars 2015

Tusen takk

Tusen takk
-
for uventa 
blomster-helsing



det gjer så godt
- uendeleg godt
å bli sett pris på
tusen takk, kjære medvandrar!

"Den største gleda ein kan ha,
det er å gjera andre glad.

Og vil du gjerne lykka nå,
då først deg sjølv du gløyma må!"



Gratulerer som besteforeldre!



Ved dagens slutt 
- etter ein konferansedag
- om verdighet
-alle fekk ei rose..
Rosa passa så godt i den 
fine franske vasen min!!


Eg vart så glad,
nå tenkjer eg på gode ting
som kan gjera andre glad -
slik eg vart glad -
det treng ikkje vera verken jul eller fødselsdagar
men berre vanlege dagar
med små overraskingar
-og dagen blir lysare!!

Ha ein fine fredagskveld!
Silje

søndag 1. mars 2015

Vinterens fargeklatt

1.mars
kaldt og surt
vind og regn
-
man kalenderen viser at det er vår

I hagen lyser det kvite små englar
- snøklokker



og klosterklokker




og ein fargeklatt !
JULEROSA 
har blomstra like sidan nyttårsskifte.

Under epletreet likar den seg godt
-ei stor og fin tue.
På vinteren får den nok lys
- om sommaren får den skugge av treet.

JULEROSA 
gjer meg i godt humør
- spesielt
på sure kalde dagar.





JULEROSE

Verda er grå, det er vinter.
Verda er brun, det er vinter.
Verda er svart, det er vinter
- i tankane mine -
Verda er kvit, det er vinter
-av og til
-i tankane mine
Men mest er den grå.
Trist og grå.
Er sur, og alt går i stå.

Tenk om vinteren var gul,
oransje eller raud !
Ein fargeglad vinter !
Men alt er grått
- naturen
-til og med menneska.

Nei, ikkje alt er grått.
Vinteren er ein anelse rosa.
Ei ROSA JULEROSE
Ein fargeklatt i
Guds fargepalett.

Akkurat så pass mykje farge
at ein blir glad
- sjølv midt i det gråe
- sjølv om det er langt til vår
- og sol og varme er langt i det fjerne.
Kjære JULEROSE,
- takk for at du finnes !
- og at du kjære medmenneske finnes !
Du kan også vera med og 
setja farge på dagen
-for meg
- og for andre.
Silje 31.1-2005

PS! Diktet er mitt eige,
og ikkje lov å kopiera,
utan tillatelse!!

Søndagskveld-hilsen
Silje