onsdag 18. mai 2016

KVITVEIS

Har du tenkt på kor
forskjellige kvitveis kan vera?
Like så forskjellige som du og eg......
kan fillosofera litt her ja....



Til vanleg  har blomsten 6-7 kronblad,
men du kan finna blomster
med fleire kronblad!
Her fann vi ein
kvitveis 
med 
10 kronblad!
Slå den du, om du kan!!

Og sosiale er dei
-
i alle fall veks dei i tuer...

Til og med formen på kronblada,
kan vera forskjellige.
Og fargen - kvite -
men du finn også dei som ser 
ut som dei er litt lilla. 

Fantastisk skaparverk!

Silje

søndag 17. april 2016

Blomster hvite, gule blå, titter opp ......

Det er 17.april, 
halvvegs i april, med andre ord.
Ein liten søndagstur med hunden,
for å plukka meg ein bukett i "kusomlia".
På vegen opp fann eg
fleire flotte markblomster.
For ei flott tid
- lys
-varmare
og det spirer og gror!!


Kvitveis
kusom (kusymre)
markfiol
løvetann
vårkål
gaukesyre

Ein herleg bukett!
Ha ein fortsatt fin vår
- og nyt
alt som spirer og gror!

Silje

torsdag 7. april 2016

Bestemor

Så heldig vi er!
To skjønne barnebarn!
Og så kjekt å ha dei så nærme...
tenk å få¨sjå dei veksa opp, og forandra seg.
- bli små personlighetar,

Veldig stort å bli besteforeldre!


Hva er et barnebarn?


Et barnebarn er livets lys
som fyller ditt hjerte med lykke.
Et barnebarn er en del av oss selv
og er et uerstattelig smykke.

En nydelig gutt, en bedårende pike
- de er så skjønne så!
Og stoltheten vokser i oss
når barnet har lært å gå!

For all del den glede de bringer
for håpet de bærer frem
- vi bøyer oss ydmykt og takker
for fremtiden det er dem ! 


lørdag 5. mars 2016

Oppmuntring

mørke
kalde
blåsande
og litt sure
vinterdagar
-
Det gjer godt 
å få ei oppmuntring
i ein ellers så søvnig 
vinterhage.
-
snøklokker og juleroser
som presser seg opp gjennom den
kalde og frosne jorda.
Eit stort under 
er det.



Silje

torsdag 18. februar 2016

Tea for everybody

Eg trudde mannen min
holdt ap med meg,
då han frista med
"apekatt-te"

men teen var god den!
Ikkje dumt ein
torsdagskveld
i februar
- godt og varmt inne
- med ein frisk kopp
apekatt-te.



Torsdagshilsen
Silje

tirsdag 19. januar 2016

Hagen i dvale

SOV DU VESLE SPIRE

Sov du vesle spire ung,
ennå er det vinter,
ennå sover bjørk og lyng,
roser, hyasinter.
Ennå er det langt til vår,
langt til rogn i blomstring står.
Sov, du vesle spire,
ennå er det vinter.
                                      Z. Topelius


Rosebedet og andre buskar i hagen

Hagen og området her er dekka av snø.
Snøen kom i sist veke.
I går kom det enda meir snø...
Det har helst vore minusgrader.
Kaldt er det, men heldigvis stille.


Det vesle hønehuset med dverghønsa mine.
Det er nok kaldt for desse og.

Så ligg hagen min under eit dekke av 
ca.18-20 cm.snø.


Vrihassel, pynta i vinterdrakt!

Hagen er fin - sjølv om det er vinter og snø.
Tre, buskar og visne stauder
blir flotte kvite figurar.


Sommerfuglbusk og epletre

Og så dei flotte morgonane ......



 eit farge-eventyr
-
eit fantastisk
skaparverk!!

Eg elskar å sitja i stolen min,
nyta frukosten og oppleva soloppgangen.



Fasinerande - 
lys og skyer -
 hav og himmel-
- før sola kjem til syne -


Morgonsola på kirsbærtrea.


Velkommen inn i min vinterhage



Mitt blinkskudd i dag:
Vissen staude.
Sola tinte- kvelden fraus.

Vinterhilsen
Silje






torsdag 31. desember 2015

31.desember

Ønske alle 
eit 
velsigna 
Godt Nytt År!



Nyttårshelsing frå
Silje