1.mars
kaldt og surt
vind og regn
-
man kalenderen viser at det er vår
I hagen lyser det kvite små englar
- snøklokker
og klosterklokker
og ein fargeklatt !
JULEROSA
har blomstra like sidan nyttårsskifte.
Under epletreet likar den seg godt
-ei stor og fin tue.
På vinteren får den nok lys
- om sommaren får den skugge av treet.
JULEROSA
gjer meg i godt humør
- spesielt
på sure kalde dagar.
JULEROSE
Verda
er grå, det er vinter.
Verda
er brun, det er vinter.
Verda
er svart, det er vinter
-
i tankane mine -
Verda
er kvit, det er vinter
-av
og til
-i
tankane mine
Men
mest er den grå.
Trist
og grå.
Er
sur, og alt går i stå.
Tenk
om vinteren var gul,
oransje
eller raud !
Ein
fargeglad vinter !
Men
alt er grått
-
naturen
-til
og med menneska.
Nei,
ikkje alt er grått.
Vinteren
er ein anelse rosa.
Ei
ROSA JULEROSE
Ein
fargeklatt i
Guds
fargepalett.
Akkurat
så pass mykje farge
at
ein blir glad
- sjølv
midt i det gråe
-
sjølv om det er langt til vår
- og sol og varme er langt i det fjerne.
Kjære JULEROSE,
- takk for at du finnes !
- og at du kjære medmenneske finnes !
Du
kan også vera med og
setja
farge på dagen
-for
meg
- og
for andre.
Silje 31.1-2005
PS! Diktet er mitt eige,
og ikkje lov å kopiera,
utan tillatelse!!
Søndagskveld-hilsen
Silje