lørdag 17. august 2013

Hagen min

VEKOMMEN INN I MIN HAGE !
Eg har ikkje vist deg hagen min....,
Det er alt august, og sommaren er på hell.
Dessverre har ikkje helsa vore på topp
den siste månaden, og dermed
har det blitt gjort lite hagearbeid....
men eg har allikevel gått rundt og nytt
blomster, fargar og dufter.
Det gjer godt !
Og nå vil eg gjerne ønska deg velkommen inn
i min hageverden ...!
 


 
 
Det er duftsjasmin og vrihassel som ønske velkommen,
mellom min hage og naboens.
Silje


mandag 12. august 2013

Dyrene i hagen

Litt om dyra i hagen

I vår hadde vi tre nusselege kattungar.
Dei var berre såååå søte.

 
Hei Labanpus,
kva gjer du i mamma sitt blomsterbedd ?
 

 
Laban-pusen har funne stolen min i drivhuset
og slappe av mellom blomster og tomatplanter.
 


 

Eg prøve pappas sko....
Men den var for stor !
 



Sjå her fann eg kattane, både stor og liten, mellom små engletrompetplanter !

 

 
Nå har småpusane fått nye heimar.
Så nå får hannkatten vår all oppmerksomhet.
Laban er varm og lat !
 
 
Men Laban, dette er hønene sin mat!
Smaka ikkje maten i skåla di godt?
 
 
Heile familiens turkammerat,
gordon setteren, Akela.
Ein veldig snill og glad hund.
Alltid klar for tur!!!
 
 
Marsvinungane kose seg med mat.
Rart å tenkja på at dei blir fødde med pels og
opne auge, ja som eit lite mini-marsvin.

 
Marsvinpappa.
Han bur i same innhegning som kaninpappa
og hønsa.
 
 
Dvergvedderpappaen, Bruno.
 
 
Kaninungar som er leveringsklare
og skal få seg nye heimar.
Litt trist å selja desse små "kosebamsane"
 
 
 God måndagskveld frå oss i "minidyrehagen"
 Silje
 
 
 

lørdag 10. august 2013

TROLLTUNGA.

Fjelltur
Trolltunga - Ein fantastisk utsikt og fottur.
Trolltunga ligg i Odda kommune i Hordaland fylke.

Det vart ei flott helg.
Turen er 11 km. kvar veg, og det tek
ca.8-10 timar  tilsaman.
Sidan det var såpass lang tur, tok vi
likegodt med telt og utstyr.

 
Første del av turen var litt bratt.
 
 
Flott skulptur!
 
 
Fjellblomster.
Fjelltjæreblomst
 
 
Det begynner å skummra.
 
 
 
 
Det brattaste partiet var over, og det var tid for å slå leir.
 
 
Kveld/natt og fullmåne.
 
 
Ny dag, og vi tek fatt på turen mot målet.
Stien er godt merka med T-ar.
Små skilt som viser avstand opp til målet, og ned til start.
Innimellom var det mange småvatn og bekkar for påfull
av vatn-flasker.
 
 
Vakker natur ! 
 
 
Stien var varierande. 
 
 
Tru kvar Trolltunga ligg?
Kanskje der borte?
 
 
Ein fjellblomst til, Issoleie.
 
 
HURRA - vi nådde målet!
For ei utsikt!
Fantastisk skue!
 
 
Berutspringet ligg 700 meter over Ringedalsvatnet i Skjeggedal,
omringa av mektige fjell i alle retningar.
I tillegg ser du Folgefonna som ligg lokalisert på vestsida av Odda/Sørfjorden.
Mange ville ut på Trolltunga for å bli fotografert!
Ein prøvde til og med å stå på henden her...........
 
 
 
Så var det tilbaketuren....
og lengre nede å pakka alt utstyret
 
 
Her, Blålyng.
 


Svarttopp.
Men det var mange fleire, ei bonusoppleving
for ein som er glad i blomster.
 
Jo, dette var verkeleg ein tur å anbefala.
 
















































































































torsdag 8. august 2013

Solbærhausting

 
SOLBÆR
Flotte, godt modne solbær er fine til saft.
Eg har plukka mange kilo bær i dag.
Bæra er skylt, og fryse ned til safting seinare i haust,
eller kanskje til vinteren.
Enten til rein solbærsaft, eller blanda med bringebær,
jordbær og hageblåbær.





Oppmuntring
I dag fekk eg tøffe øyredobbar av ei eg kjenner, laga av
rosekronblad ! Dei lukta til og med !

 
Stiligt å tenkja på at dette har vore roseblad.
Nå er dei heilt harde, og svarte.

 
 
Tusen takk!

tirsdag 6. august 2013

Jordbær



Så var jordbærsesongen nesten over.
Nå har vi kost oss med jordbær i massevis.
Jordbær med vaniljesaus er vinnaren her i huset!
Litt rørt jordbærsyltetøy har også funne vegen til frysaren.
Og sjølvsagt- dei finaste bæra blir enten ete til dessert, eller frose ned i korger.
Godt å ha i geleen eller smoothien til vinteren !
 
MEN - bringebæra avløyser heldigvis jordbæra.
Glen Ample bringebær er flotte til dessert eller frysing.
Men regnet - huff det øydelegg bringebæravlinga........
 
Håpe på litt sommar igjen !
 

mandag 8. juli 2013

Romantisk kveldstur søndagskveld

Ved tjernet

Lykken er
å gå tur med den du elske
ein fin sommarkveld
stille
med kveldssol
Sitja saman på steinen
ved det vesle tjernet.
Sjå på kvite, gule, rosa og raude
vannliljer
nyta speglbilde
av plantene
leggja seg ned ved vannkanten
og studera liljene
VANN-VITTIG FLOTTE !!
Rusla hand i hand
tilbake til heimen
med eit flott
kveldsbilde-minne
i sjela..
 







 


søndag 7. juli 2013

Sommar fargar og dufter......i juli.

Sommar
Det er ei nyeleg tid på året.
Eg verkeleg kose meg med alle blomstene i hagen og hagearbeid!
Det gjer godt for kropp og sjel.
På min daglege tur med hunden, oppleve eg alt
det fantastiske Guds skaparvek.
Markblomster, trær, bregner, fuglar, reir og mykje mykje meir.....

I hagen blomstre det kvitt og dufte nydelegt!
Reine parafymen!
Det er Duftsjasmin og Svarthyllblomstene som glede alle på garden 
og alle gjester som stikk innom!!!

Nå ha eg plukka inn mange hylleblomster og sett råsaft av blomstene!
Fantastisk duft i huset.

Eg dele gjerne oppskrifta med deg.
Den er kommen frå Halsenøy kloster, Kansje den er gammal då ?

 
 
 
HYLLEBLOMST-SAFT
30 klasar hylleblomster
2 stk.sitroner - skjær i tynne skiver
50. vinsyre el. sitronsyre
2 kg.sukker
2 liter vatn
 
1. Plukk 30 klasar blomster. Klipp bort den tjukke stilken.
     (treng ikkje skylla)
2. Kok opp vatn. Rør ut sukkeret.
3. Legg lagvis - blomster - tynne skiver - vinsyre
4. Slå over sukkerlaken.
5. Sett på kald matbod eller i kjøleskap i 4 døger.
6. Sil safta i sileklede eller anna tøy.
7. Frys i flasker - små porsjonar.
 
Dette er konsentrert hylleblomstsaft. Blandes med vatn eller faris.
Smak til passe saft.
Safta varer berre ca.ei veke i kjøleskapet, sidan det er råsaft.
 
Tips! Nyt hylleblomst-saft om vinteren når det er kaldt og surt og
du lengtar etter sommar, sol og gode dufter!
 



 
 
 
Sett deg ut i sola - og nyyyyyt eit glas hylleblomst-saft frå hagen!
God søndag !