onsdag 23. april 2014

MORELLER


Lurer på om det blir moreller
til sommaren ?
Store, svarte og søte moreller ?
Eller søtkirsebær som dei og blir kalla.
I alle fall blomstre dei fint i hagen min nå!!

Morelleblomster.

Tidleg blomstring!
Starta 22.april !
Høg temperatur her på Vestlandet,
har resultert i ein eksplosjon av alt som veks og gror !
I dag, 23.april er frukt-trea flotte å sjå på !
Som ei "brur med blomster i håret " !!










Fruktblomstringshilsen 
Silje

mandag 21. april 2014

Nydelige påskedagar






Mange flotte opplevingar 1.påskedag :




Tur til holmane.
Hurra, svana-Svanhilld ruge på eit egg.



'Kveldsmat på ein fjelltopp - i solnedgangen.
Utrulegt kjekt å dela slik oppleving med familien !
SOLA gjekk ned litt over 21.00







Turkammeraten er sjølvsagt med.



Til holmane for å henta fine runde steinar til 
blomsterbedet !






Lemming !
Travel dag i sauhuset.
23 lam vart fødd 1.påskedag.









Tidleg plommeblomstring.
Blåplomme - Rivers

Påskehilsen frå
Silje

fredag 18. april 2014

Langfredag og sol

Ein slik fin søndag må
nyttast ute.
Med pølser på gruva.
Og steika vafler til kaffi etter ein fin tur i marka.
Så fint å kunne gå den turløypa ein 
har lyst og kan greia. .....
Eg for min del klatra oppover bratthenget
i hasselskogen og plukka ein fin 
bukett kusom.





Nå blomstre gaukesyre fint saman med
kusom og kvitveis.



Tenk i dag, 18.april fann eg
skogfiol.
Det er veldig tidleg !!
Kanskje to veker tidlegare enn vanleg,
her på Sør-Vestlandet.

Ellers så er det påske - og 
Langfredag i dag.




WHERE YOU THERE 
WHEN THEY CRUCIFIED MY LORD

Were you there when they crucified my Lord ?
Were you there when they crucified my Lord ?
Oh, sometimes it causes me 
to tremble, tremble, tremble
Were you there 
when they crucified my Lord ?
Were you there when they nailed him to the tree ?

Were you there when they pierced him in the side ?

Were you there when they laid him in the tomb ?

Fortsatt
GOD PÅSKE !

Påskehilsen
Silje



søndag 6. april 2014

Vårblomster

"Blomster hvite, gule, blå
titter opp av uren, nikker nå så
blidt, de små, etter vinterluren.
Skog og mark i grønne skrud
kler seg nå på Herrens bud.
Knopper små de springer ut,
her er sol og glede! "









Løvetann








Kusom eller Kusymre



Gaukesyre









Kvitveis






Hestehov eller Leifivel




torsdag 27. mars 2014

Tussilàgo f'àrfara

Er det latinske namnet på Hestehov,
eller Leirfivel som ein også kallar den.
Denne blomen var heilt ukjend for oss då
vi var barn.
Men her eg bur nå,
finn vi nokre små soler,
tidleg på våren.



Gule gleder

Der spruter gleder
fra fattigste bunn.

Våren er kommet!

Et glitrende funn
av solvarme gleder
i grushaugen grå.

Våren er kommet
i gullgleder små.

(Med tillatelse frå forfattaren, K.B.Log )


Hilsen med gule gleder
Silje

søndag 23. mars 2014

MARSHAGEN

gir håp om sol, varme fine dagar
og hagearbeid.

Synes februarhagen er trist...
men nå i slutten av mars lysnar det
på mange ulike måtar.
Etter skogstur og "søndagsmiddag"
på bål ute,
måtte eg ha meg ein liten tur 
rundt i hagen.
Så deiligt,
det spirer og gror både her og der.
Blad og knoppar kappast
om å visa seg
-og gleda meg !














Blir dei store flotte gule påskeliljene avblomstra
til påske i år tru?



Roseskudda har fått fart på seg.
Skulle nesten ha klipt rosene nå.
Men er det ikkje i tidlegaste laget ?




Maria nøkkelblom er ein nydeleg lys gul vårblomst!
Frøa er frå Nord-Noreg, men blomstene trivest godt i 
VESTLANDSHAGEN

Her ser ein tydeleg spor etter regn -og "sorpever" i blomsterbedet.



Desse trives best i sand/grus ser det ut for.
Ein blåfarge eg synest er nydeleg!!



Kuleprimulaen har og stikke blomsterhovudet fram.




Snøklokkene har visna ned, medan klosterklokkene
framleis blomstre.







Gullkorg står med store knoppar,
det er like før!
Glede meg til desse lysande gule solene.




Det har vore mykje ver her i det siste, 
regn og storm i massevis !
Drivhuset mitt holdt på å blåsa bort,
men vi redda det i siste liten, 
med presenning og tau.

Plasten har halde berre to år denne gongen.
Men nå treng eg hjelp til å skifta !

Denne veka har dei lova strålande ver.
Glede meg! 
Då blir det litt hagearbeid - endeleg !!

Ein fin søndagskveld.
Silje

torsdag 20. mars 2014

Tradisjonsbaking

FLATBRØD
I mange år har vi baka
grovt "vikingflatbrød" med skuleelevane,
når emnet "Vikingane" har stått på timeplanen.
"Vikingmat" har vore spennande,
også for gutane!
Vi har til og med vore i eit
gamalt "eldhus" og baka med elevane !
Kjempespennande.











Eg leita etter flatbrød på nettet,
og opp kom haugevis av ulike
oppskrifter !

Fann ei oppskrift som eg lika godt.
Har baka både med venninne,
og åleine.
Koseleg aktivitet å gjera saman.

Deigen var god å arbeida med,
og eg kunne kjevla leivane veldig tynne.
Flatbrøda vart gode og sprø.



Du treng steikkehelle(takke),
segldukunderlag (men dette er ikkje nødvendig)
Krotakake-kjevle (ikkje slett kjevle)
"bakste-fløy"
(pinne til å rulla leiven over på- opp på takka.
Liten kost, pensel til å børsta
bort overflødig 
mjøl på takka og flatbrødleiven.




OPPSKRIFT:

FLATBRØD 

Ca. 12-15 store flatbrød

250 gr.byggmjøl
250 gr. sammalt rug, fint
250 gr. kveitemjøl
2 ts. salt
6 dl. lunka vatn. Ikkje ta frå springen, 
men varm det opp på komfyren.

Bland alt mjølet og saltet saman med det lunka vatnet.
Trill deigen ut til ei pølse.
Dersom du lagar ein U av pølsa skal deigen 
ikkje sprekka opp i svingen.
Dersom deigen gjer det, må du tilsetja meir vatn.
Form deigen til ei lang pølse som du deler i 12-15 boller.
Kjevl desse bollene ut til tynne flatbrød.
Steikjast på god varm takke. 
(På mi takke passar trinn 6 bra)
Det beste er å bruka elektrisk takke,
men du kan prøve å steikja dei over bål på 
varm steikjehelle !

Mine erfaringar:
Eg dele deigen i 16 boller.
Seilduk til bakeunderlag er supert !
Eg bruker ein god del mjøl, det er viktig at ikkje leiven
klistrar seg fast i underlaget.
Klappar først bolla flat med hanbaken, og snur så deigen
- med mjøl under.
Kjevlar ei stund og snur leiven.
Hugs å kjevla frå midten og ut.
Fortset slik til leiven er fin og tynn.
Sjå på bileta korleis eg forsiktig rullar nesten heile leiven
på "bakstefløyen" - og så rullar den raskt ut på takka.

PS! det er ikkje vanskeleg å laga fine tynne flatbrød.

Legg dei oppå ei rist med eit tøy.
Når bakinga er slutt - kan ein brekka passe bitar til
flatbrødboksane.
Flott å gi bort heimebaka flatbrød i td. litt pynta "isboksar".

Ps!
Dette er ikkje oppskrifta på 
"Vikingflatbrød".
Er nokon inter. lagar eg gjerne 
ei side med den oppskrifta.

Lykke til med koseleg tradisjonsrik 
FLATBRØDBAKING !

Mmmmmmm ...nydelegt til spekemat, lapskaus og mange
andre matrettar.
.......eller rett og slett til kveldsteen med meierismør på !!



Hilsen Silje