søndag 19. januar 2014

I Guds fargepalett


JANUAR - VINTER- OG FARGAR

Verda er grå, det er vinter.
Verda er brun, det er vinter.
Verda er svart, det er vinter
- i tankane mine -
Verda er kvit, det er vinter
-av og til
-i tanakane mine
Men mest er den grå.
Trist og grå.
Er sur, og alt går i stå.

Tenk om vinteren var gul,
orange eller raud !
Ein fargeglad vinter !
Men alt er grått
- naturen
-til og med menneska.

Nei, ikkje alt er grått.
Vinteren er ein anelse rosa.
Ei ROSA JULEROSE
Ein fargeklatt i
Guds fargepalett.
Akkurat så pass mykje farge
at ein blir glad
- sjølv midt i det gråe
- sjølv om det er langt til vår
- og sol og varme er langt i det fjerne.
Kjære JULEROSE,
- takk for at du finnes !
- og at du kjære medmenneske finnes !
Du kan også vera med og 
setja farge på dagen
- for meg
-og for andre.
31.1-2005
Silje




Litt vanskeleg å ha blomster i vase inne. ...
Men eit godt tips er å snitta opp nederste delen av stengelen i
fire - då vil blomsten lettare trekkja opp vatn.
MEN - hugs at planta er svært giftig.


Julerosa (Helleborus)
blir rekna som den første juleblomsten, men så vart den "ut" som juleblomst.
Nå er den blitt populær att i den norske heimen.
Planta treng godt stell, og er ei uteplante som treng mykje lys.
Inne i ei varm stove vil blada snart bli gule.
Men sett den ut medan det er mildver, inntil veggen,
litt lunt.
Mi plante "tok seg oppat" etterat eg sette den ut.
Sjå korga på bildet.







Planta likar seg mellom 4-12 grader.
Den kvite julerosa har vore noko vanskeleg å få til å overleva i hagen,
medan den rosa har blomstra flott i mange år.
Juleroser likar ikkje så godt å bli flytta på i hagen.
Men det går fint å dela opp planta,
slik at andre også kan nyta denne flotte planta på vinteren !







Julerose er ei planteslekt i soleiefamilien, og alle desse plantene
er giftige. Ingen blomsterlukt.
Dei har store, delte blad og blomar med stort, farga beger,
og små røyrforma og nektarberande kronblad.
Men planta produserer ikkje bær, dermed har
ein ikkje det problemet når ein har små barn.
Det fins 20 artar i slekta, dei fleste i
Sør-Europa og Middelhavslanda.
Av desse dyrkar vi kvit julerose (H.niger),
som har svart jordstengel og kvite begerblad,
grøn julerose(H.viridis), og
hagejulerose(H.x hybidus), ein hybrid med
raudbrune begerblad.












Julerosa blomstrar i mange veker, og har eit flott vintergrønt bladverk.
Her på Vestlandet med fuktig klima, får ein lett svarte flekkar av sopp på blada.
Så, kvar vår/sommar klippe eg bort dei gamle brune blada.
Dermed avgrense eg soppangrepet, og som takk
vise planta fram dei fine blomstene !
Om sommaren veks det opp fine nye grøne blad.
Dei likar å stå i skuggen, under eit lauvtre.
Hos meg står den under eit epletre !





 Fra :  Urtekildens planteleksikon
Legender om julerosen

I et fransk, folkelig julespill fra middelalderen fortelles det en vakker legende av hvordan julerosen ble til. I spillet opptrer de hellige tre konger, og bondepiken Madelon slår følge med dem på deres vei til Betlehem. Men mens kongene bærer frem deres kostbare gaver, gråter Madelon fordi hun ikke kan gi barnet noe offer, ikke en gang en blomst, fordi det er vinter. En engel viser seg da for henne og fører henne utenfor stallen. Der hvor engelens vinge rører ved jorden springer det, midt i vintermørket og kulden, fram en blomst fra jorda. Dette er julerosen, som Madelon nå kan plukke og bringe Frelseren som sin ydmyke hyllest. En annen legende forteller at blomstene til julerosen opprinnelig var svarte, men at de mirakuløst ble hvite som snø da Jesus ble født.





I bloggen INGVILLS  HAGE finn du og eit fint innlegg om juleroser !

Januarhelsing  - på ein søndag

Silje




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar