søndag 2. februar 2014

Høner og snøklokker

Høner og snøklokker i hagen.
  Dyra i hagen i slutten av januar.
Litt vel tidleg vår kanskje 
- men allikevel
-det går mot
VÅR !


Humøret steig betrakteleg
på ein slik dag
-nokre solstråler berre,
og eg slapp ut hønene mine
i hagen.


Å, så dei koste seg !








Og nedafor huset,
(ikkje i ly av husveggen)
- stakk snøklokken fram frå frossne jorda.

Slikt gjer ein uendeleg glad
-og ein får ekstra enegi !




SNØKLOKKA
Første blomen i hagen min.
Han står der så kvit,
så rein og så fin.
Han lyser og stråler
og minner meg på,
at snart er det varme
- og sol og vår !

Silje -jan-14

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar