tirsdag 11. mars 2014

Blomster frå sommaren


FUCHSIA
har eg mest av i hagen min
-i potter og bed.


1.   (henta frå nett)

Fuchsia plantene trivest godt i skyggen,
men ein del likar og full sol.
"Rohees New Millenium"  er den planta hos meg
som berre likar kveldssola,
ellers blir blada "solbrente"-svidde.

2. Rohees New Millenium




Plantene kom frå Sør-Amerika til Europa med engelskmennene.
Ein har kjent til plantene heilt sidan 1703.
I dag kjenner ein til omlag 100 ville sortar.
Ut frå desse finnes det 
tusenvis av kryssningar og variantar.
I dag reknar vi med at det er omlag 1700 artar
i Noreg.


Ein meiner at fuchsia treng omtanke og stell.
Nok gjødsel, helst litt kvar veke og vatn kan 
ein leggja seg på minnet når ein steller med 
desse plantene.
Dei tåler litt hønsegjødsel.



3.

Plantar ein fuchsia rett i bedet, har eg av erfaring funne
ut at det er lurast å planta dei som veks oppover
- altså ikkje hengjefuchsia 
- med regnfulle sommrar blir blomstene
liggjande nede på jorda.
Etterkvart som dei veks utover sesongen, 
kan det kanskje vera lurt å skifta potte
på dei som treng det
- om ein har tid og overskudd...

4.

Derimot - når eg tek fram plantene
frå den frostfrie plassen eg har oppbevart plantene,
pottar eg alltid om desse.
Ellers "pyntar" eg og på plantene.
 Nokre av greiene må bort,
om ein skal få ei kraftig og blomserrik plante!
Ps! Om hausten før frosten kjem,
og fuchsia-plantene er komme i hus,
må eg nok klippa dei litt - ein skal jo få 
plass til dei i rommet....
Spesiellt klipper eg bort dei små tynne kvistene.




5.

Det seiest at fuchsia ikkje toler frost.
Eg gjorde eit eksperiment eit par år.
1.året kom f.planta opp att, og vart kjempeflott.
2.året stod den ikkje over den kalde sesongen !
Men eg veit, at faktisk så kan enkelte sortar overvintra greit
i milde soner av landet.
Største problemet er snøen som kan brekka greiner.
Derfor er det kanskje ein ide å laga eit slags "hus"
for desse buskane !!!

6.

Heldigvis - sneglane likar ikkje fuchsia !

Desverre har eg ikkje heilt oversikta over f.plantene mine.
Namnelappane kjem bort ved lagring - ompotting, utplanting osv.

Ellers har eg ikkje vore så flink at eg har arkivert plantene mine.
Men har allikevel behalde namn og bilde på eit 20 tals planter.
Så spørst det kor mange som overvintrar i år.
Prøver å kjøpa nye stiklingar kvart år 
på Plantasjen.
Ellers får ein av og til stiklingar av venner-
som oftast utan namn.....



7.

Av erfaring har eg sett at det er best å ta plantene ut
av pottene om ein plantar direkte i bedet.

Og vil eg ha god blomstring utover sommaren og hausten,
tek eg meg ei lita økt nå og då og plukkar av
visne blomster og frøkapslar !
Vatn og gjødsel er sjølvsagt også viktig.

8.  Swingtime ???


Stiklingar:
Der er ikkje vanskeleg å laga småplanter
- eller setja stiklingar, som det heiter.
Klipp av passe små greiner
- nye skudd-
pass på å ta av dei nederste blada,
sett dei i sandblanda jord, gjerne
to eller tre i kvar potte, så plantar ein dei kvar
for seg når ein ser at dei veks fint.
Det kan foresten vera fint å planta fleire ulike
stiklingar i same store korga !!
Set ein plastpose over småplantene,
blir dette som eit lite "drivhus"
- og dei tørkar ikkje opp så lett.
Hugs å lufte slik at ikkje jorda  og  plantene muglar.



9.

Lykke til med små nye fuchsia-planter.
Fin til vertinnegave - presang - i ei fin korg/potte !!



ULIKE  SORTAR

10. Albertina  




11. Allison Patricia   - Busk(småblomstra)



  
12. Blue Eyes  - ?

 


  
13.Catootje  - B




14. Eden Rock  - B
 




15. Denise 

 

  
16. Dollarprincess  -

 


17. Gillian Anthea 

 

 



18.Lambada   - O -  H
Fin å stamma opp.

 

  
 



19. Lancashire Lad  - H




20. Marinka  - H

 


21. Maxima  -  Halv H

 



22. Nice and Easy  




23. Paula Jane  - O




24. Put`s Folly  - H


  
25. Walz Jubelteen   -O





26. Wassernimpfe   -


  

   27. 





  
27.
?  ( Frå gartneri)  - Oppreist







28.






29.






30.




ELLERS DESSE:
A- Annabell
B- Ballerina
C- Dark Eyes
D- Ellebell
E- Electric Light
F- Ernie
G-Lena
H- Lena Dalton
I-Swingtime
J- Winston Churhill
K- Gøteborg
L - Border Queen
M - Bacon
N - Miss California
O - California
 P- Pink Fairy


Kanskje nokon kan hjelpa meg og
kombinera tal og bokstav ?


Eller bilde til namna ???
Fuchsia - hilsen
Silje

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar