torsdag 24. april 2014

RUTER I HAGEN


Ein nykomling i hagen min.
I haust sette eg nokre nye løkar, 
mellom anna løkar som skulle gi
RUTELILJER.
Og nå blomstre dei !
Dei viser ikkje særlegt igjen i blomsterbedet,
men er eit studie verd,
med sitt flotte rutemønster.
For eit under- at det finnes 
ruter på blomster !










Rutelilje
Fritillaria meleagris
  • Synonym: Vipeegg
  • Familie: Liljefamilien – Liliaceae
  • Høgde: 15–30 cm
  • Blomst: Stor, regelmessig, klokkeforma. Blomsterdekkblad seks, frie, rosa med brunlilla og av og til kvite ruter. Seks pollenbærere.  Blomsten er enkeltsitjande, nikkande, i enden av stengelen.
  • Frukt: Ein kapsel.
  • Voksestad: Fuktig lauvskog og enger ved vatn. Også brukt som ei prydplante i parkar og hagar.
  • Blomstringstid: Mai–juni.
Blomstene kan ha lilla og rosa ruter, svært sjeldan med kvitt innslag.
Ruteliljene blomstrar tidleg om våren, men blomstene kan ha visna alt innan slutten av mai. Dei blir  bestøva av  humler, sjølv om sjølvbestøving heller ikkje er uvanlig.



Like bortafor står ein del låge tulipaner.
Dei viser tydeleg igjen i bedet.
Lysande gul-orange blomster!
Ein må jo berre bli glad av slike "fargeklumpar."
Ein nytelse for augo.





Hilsen Silje

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar