fredag 26. desember 2014

SNØ I DAG

2.JULEDAG
I dag vakna vi til kvit jul !
Det var eit flott syn, nydeleg kvit rein snø...
Ikkje kvart år vi har snø i jula her på
sør Vestlandet !
Men - kor lenge ligg den ?


I går kveld koste vi oss med god mat -
og ein god film:
- spør om vi lo og koste oss !
Kan verkeleg anbefala denne julefilmen,
for både små og store !!

0

Solan, Ludvig og Reodor er tilbake.
-
 i dag har det komme fleire snøbyger !

Ein luftetur ut i skogen i dag òg.
-Godt for kropp og sjel !!
Prøv !
Ta med fotoapparatet - ein veit aldri om det dukkar opp 
fine motiv !





Før snøbygene i dag.
Ei fin lysstripe på andre sida av fjorden.



 Åååååååååå  .....så godt og friskt det er ute !
Ca.8-10 cm.snødybde.


 Blanda skog




Tungt å gå opp bakkane.. hjelper på kondisjonen....






Opp til "Fossen" og over bekken.



Bålplassen vår.
Litt måking - og så skulle plassen og gruva vera klar
- veden ligg under steinbordet !





Det har regna masse i det siste -
så litt vått var det på stien langs steingarden





I går gjekk eg over denne vesle dammen
- og trødde gjennom isen og vart våt

idag gjekk eg same stien
-og i dag gjekk det betre
eg kom meg tørrskodd over isen og dammen

Det var då eg kom til å tenkja på Alf Prøysen 
sin kjendte song
"Du skal få ein dag i mårå"

Prøysen:
Du ska få en dag i mårå, som rein og ubrukt står
med blanke ark og fargestifter tel,
og da kan du rette oppatt alle feil i frå i går
og da får du det så godt i mårå kveld,
og om du itte greier det og æilt er like trist,
så ska du høre suset over furua som sist.
Du ska få en dag i mårå som rein og ubrukt står
med blanke ark og farjestifter tel.





På veg heim gjekk eg forbi naboungane som
endeleg fekk kosa seg med å laga snømann
i kram snø.
Gardintrappa var framme -
og heile tre meter var snømannen.
Ein ekte "Vikingpatriot "

2.juledagshelsing
Silje

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar