TAKK
KJÆRE MAI !
du vår måned fin !
Takk for alle grøne trær
- for grøne marker og enger
- for alt som gleder eit hagemenneske
- for lys, sol og litt varme
- for fuglesong
og alt som kryp og kravlar fram frå
dvale
-og takk for alle markblomane,
- med fine fargar og lukter som gjer ein glad!
På siste mai-dag har eg plukka inn ein vårbukkett !
Ingen bukket er vel vakrare enn det!
Jonsokkål, rød jonsokkblomst,
knoll erteknapp, gjerdevikke,
tepperot, blåfiol, markjordbær,
tveskjeggveronika, marikåpe,
skogstjerne, liljekonvall,
blåbærlyng(med små, små blåbær på)
lundstjerneblomst.
Men eg har og funne marimjelle, og engsolei.
Ein del planter takkar for seg,
bøyer hovudet, og visnar bort!
No gjeld det å laga fleire småplanter,
enten med frø, eller med rotstengel.
Vårkål, kvitveis, gaukesyre, løvetann,
kusom, vårpengeurt
og sikkert fleire,
har vist oss fargane sine.
Tusen takk for gledene de har gitt.
Til slutt villapaltrea som blomstrar
på sitt flottaste no.
Maihelsing
Silje
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar