Ein fantastisk flott
haustdag i
oktober.
Tur
ut til
holmane,
Medan mannen min
fora sauene,
rusla eg
rundt stranda og samla
rekved for å grilla søndags-
middagen her.
Vi tenkte oss like bortafor i ei lita myr,
for å sjå etter tranebær.
I juni fann vi nemleg
fine små rosa tranebærblomster
Oppå mosen fann vi fine så
bær. Dei likna mykje på
tyttebær.
Men så vart eg lei av å stå med
rompa mot sky
- og nasen
ned i mosen.
Og så lykkeleg eg vart -
for nedi mosen fann eg flotte tranebær.
To liter fann vi to på ei lita stund.
Har høyrt at dei smakar som
tyttebær...
Joda -
men litt mildare smak var det nå.
Vi fekk nokre fine små syltetøyglas
av bæra vi hadde
plukka!
Til julemiddagen kanskje ?
- Tranebær (Cranberry, Vaccinium oxycoccos L) er mest kjent brukt ved forebygging og behandling av urinveisinfeksjon.
- Forskningen viser at tranebær muligens kan ha forebyggende effekt mot urinveisinfeksjoner, men ellers er urten ikke tilstrekkelig dokumentert til å kunne si noe om effekt.
- Det finnes også flere grupper som enten bør unngå å bruke tranebær, eller drøfte eventuell bruk av tranebær med lege. Vær oppmerksom på at det engelske cranberry brukes om både tranebær og tyttebær.
- http://www.nifab.no/faktaark/tranebaer
(Hugs at alle bildene er mine - teke av underteikna)
"Tyttebæret oppå tuva...."
eller
"Tranebæret nedi mosen...."
Hilsen
Silje
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar