tirsdag 19. januar 2016

Hagen i dvale

SOV DU VESLE SPIRE

Sov du vesle spire ung,
ennå er det vinter,
ennå sover bjørk og lyng,
roser, hyasinter.
Ennå er det langt til vår,
langt til rogn i blomstring står.
Sov, du vesle spire,
ennå er det vinter.
                                      Z. Topelius


Rosebedet og andre buskar i hagen

Hagen og området her er dekka av snø.
Snøen kom i sist veke.
I går kom det enda meir snø...
Det har helst vore minusgrader.
Kaldt er det, men heldigvis stille.


Det vesle hønehuset med dverghønsa mine.
Det er nok kaldt for desse og.

Så ligg hagen min under eit dekke av 
ca.18-20 cm.snø.


Vrihassel, pynta i vinterdrakt!

Hagen er fin - sjølv om det er vinter og snø.
Tre, buskar og visne stauder
blir flotte kvite figurar.


Sommerfuglbusk og epletre

Og så dei flotte morgonane ......



 eit farge-eventyr
-
eit fantastisk
skaparverk!!

Eg elskar å sitja i stolen min,
nyta frukosten og oppleva soloppgangen.



Fasinerande - 
lys og skyer -
 hav og himmel-
- før sola kjem til syne -


Morgonsola på kirsbærtrea.


Velkommen inn i min vinterhage



Mitt blinkskudd i dag:
Vissen staude.
Sola tinte- kvelden fraus.

Vinterhilsen
Silje






torsdag 31. desember 2015

31.desember

Ønske alle 
eit 
velsigna 
Godt Nytt År!



Nyttårshelsing frå
Silje

mandag 28. desember 2015

Desember -2015





Desember 
er snart historie.




Juleførebuingane
er over
Julehelga likeeins.



Nå er det godt med kvardag
-vanleg mat - arbeid
tur i skogen (ikkje berre mat og selskap)
-klesvask

Det har vore mørkt
- og framleis er det mørkt
- men
det går mot lysare tider.
- for kvar dag.


Det har vore mange flotte
 desember-morgonar
- først mørke
- og så kjem sola-
godt å sitja i godstolen,
nyta frukosten
og soloppgangen.
-slappa av
og filosofera
litt over livet
-


Lyspunkt er det
i kvart eit liv
-
sjølv om det kan sjå
aldri så mørkt ut!



Solnedgang 



27.desember
og 1.snøen kom denne vinteren!
Så ligg hagen i dvale
- og ventar på våren
.
det gjer forresten eg og!!



Solnedgang


Pus er oppe i plommetreet
og leikar litt
med julelysa......


 Handlaga lyslykt
frå Lofoten.




Romjulshilsen
Silje


fredag 4. desember 2015

Til mor

4.des.
"Enhver kjærlig mor
har et hjem fullt av pussige 
ting. Gaver hun satte pris på. Smykker
du lagde som barn.
Krinolinedamer med forundring i blikket.
Pudler med øyne så store som
tinntallerkener.
Rustne kubjeller.
Kjærlighet på utstilling."

frå bordkallenderen
Mor 365
               en kjærlig hilsen

Kom til å tenkja på slle dei søte og
koselege nissane, englane, snømenn
og mykje, mykje meir som
vi har fått frå 
barna våre
opp gjennom skulealderen.
Dei er gull verd.




Hilsen
Silje

mandag 16. november 2015

Dyrene i hagen-nov-15

Haust i hagen
- i naturen
- og i dyrehaldet.

Vi har gleda oss over kaniner,
kattar,
og høns-kyllingar,
 i hagen vår i sommar.
Stort sett har det gått veldig fint!
I det siste har hauken fare med 2
fine hanekyllingar...
men ikkje utan kamp,
det fortelle fjørene etter kampen.





Svart - kvit og svart kaninunge.
Mora er kvit,
og faren svart.









Men-
det går mykje mat i desse dyra.
Så derfor...
har vi seldt dei tre skjønne kaninungane,
til ein dyrebutikk.

Dei tre hønekyllingane er også 
seldt.



Det vart mange hanekyllingar.
Dei vart gitt bort.

Kattungane har forsvunne, 
ein etter ein.
Berre ein att,
den er veldig lik mora,
og held seg ved husa.

Så håpe vi dei tek musene før  
dei kryp i hus.

Hilsen 
Silje






søndag 25. oktober 2015

Tranebær eller myrbær

Ein fantastisk flott 
haustdag i 
oktober.
Tur 
ut til
holmane, 



Medan mannen min
fora sauene, 
rusla eg
rundt  stranda og samla 
rekved for å grilla søndags-
middagen her.


Vi tenkte oss like bortafor i ei lita myr,
for å sjå etter tranebær.




I juni fann vi nemleg 
fine små rosa tranebærblomster






Navnet skyldes kanskje at kronbladene er bøyd tilbake, slik at støvbærerne og griflene stikker fram som nebbet på en trane. Denne egenskapen skiller tranebær fra de andre bærlyngartene, som har en klokkeformet blomst. (Kilde: Wikipedia -om tranebær)


Oppå mosen fann vi fine så 
bær. Dei likna mykje på
tyttebær.




Men så vart eg lei av å stå med 
rompa mot sky
- og nasen 
ned i mosen.



Og så lykkeleg eg vart -
for nedi mosen fann eg flotte tranebær.

To liter fann vi to på ei lita stund.
Har høyrt at dei smakar som 
tyttebær...
Joda -
 men litt mildare smak var det nå.
Vi fekk nokre fine små syltetøyglas
av bæra vi hadde
plukka!

Til julemiddagen kanskje ?




  • Tranebær (Cranberry, Vaccinium oxycoccos L) er mest kjent brukt ved forebygging og behandling av urinveisinfeksjon. 
  • Forskningen viser at tranebær muligens kan ha forebyggende effekt mot urinveisinfeksjoner, men ellers er urten ikke tilstrekkelig dokumentert til å kunne si noe om effekt.
    • Det finnes også flere grupper som enten bør unngå å bruke tranebær, eller drøfte eventuell bruk av tranebær med lege. Vær oppmerksom på at det engelske cranberry brukes om både tranebær og tyttebær.
  • http://www.nifab.no/faktaark/tranebaer






(Hugs at alle bildene er mine - teke av underteikna)

"Tyttebæret oppå tuva...."

eller

"Tranebæret nedi mosen...."

Hilsen
Silje