mandag 23. september 2013

Plommer

 
I år vart det masse fine plommer til hausting.
Nå har vi plukka ned  "Jubileum" plommene.
Dei var store og flotte i år.
Men så har dei nå hatt ein fin sommar!
 

 

Som nygift
(for mange år sidan)
fekk eg oppskrift på plommesyltetøy
av svigermor.
Veldig godt, men heller rennande.
Må helst etast ved sida av vafler, lappar osv.
 
3 kg.plommer
2 kg.sukker
Plommene deles i to, og ein
tek bort dei kjernane som let
seg løysa.
Syltetøyet kokes ca.20 min.
med litt sukker.
Ha i resten av sukkeret 
+ atamon(konserver.)
Skum av.
Prøv å "fiska opp" fleire
kjernar.
Ha på reine og varme syltetøyglas. 
Ps!
Brukar ein ikkje heilt modne plommer,
blir syltetøyet stivare..
 
 
 
Etterkvart som det kom ungar i huset,
måtte eg laga noko meir barnevennleg syltetøy.
Dermed vart oppskrifta på "Jam-posen" brukt.
Bruke potetstøytaren for å mosa plommene
når dei har koka litt.
Plommer må sjølvsagt kokast noko meir
enn det pakken seie før ein
kan ha i jam-pulveret.
 
Og nå kan ein ha syltetøyet
på både skiver, vafler osv.
 
 
Jubileumsplommene var så søte og gode,
at eg ikkje trong så svært mykje sukker i år!
Men eg smake alltid til sukkeret...
Så nå vert det nylagd
plommesyltetøy
til frukosten.
 

 
Alle set pris på plommer som ligg spiseferdige
på fatet i stova........
 


Mandagshilsen
Silje


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar