torsdag 31. oktober 2013

SISTE DAG -

 
I OKTOBER
 
Etter snaut to veker er eg heime att,
etter sol, varme, bading
og opplevelsesrike dagar
i Midtausten.
Medan her på Vestlandet
har det vore regn og vind,
slik det plar vera om
hausten.
 
På desse to vekene hadde
blad, buskar og blomster
fått haustfargar.
Ver og vind hadde ruska i
trea, og nå står mange av dei
nakne,
og klare for vinteren.
Eg prøvde å fanga
hausten med
fotoapparatet,
men fantastiske fargar
lar seg ikkje alltid fanga slik
ein ynskjer.
Men verd eit forsøk....
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Villbjørnebær
 
 
Frø som er klare for å ta "vingene" fatt og
finna seg ein stad å slå seg til ro for vinteren.
 
 
Flotte fargar på hasselblada
 

I ei haustsol-stråle .....
 
 
 Sauene våre finn ly under eit "hausttre"
i regnet
 
 
...eit som ikkje vinden har fått tak i... 
 
 
 Godt at det framleis er noko som blomstrar
i hagen min
 

Haust - og lange skuggar.
 
Oktoberhelsing frå
Silje

 

 

 

 

 

 

 

 
 
 
 
 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar