torsdag 25. september 2014

Nye roser i sommar

FLEIRE ROSER
i rosebedet mitt !

" Rhapsody in Blue" 
er ei Buskrose.
Ei blålilla rose med kvit streng.
Enkle middelstore blomster.
Svak duft.
Trivest best i halvskugge 
- foran den kvite Luise Buget  rosa.
Den har blomstra fint, til stor glede.
Det gjennstår å sjå om den vil klara vinteren.









ROSA  "FLOWER  POWER "
Det er ei låg rose med buskete vekst, ca.40 cm.
Små fyllte ferskenrosa blomster.i store mengder.
Frisk og lettstelt rose.
Passer godt i bed og krukker.











Som de ser, så måtte vi leggja dryppvatning
den varmaste
og tørraste perioden i sommar.

 

"Augusta Luise "
er ei aprikosfarga buskrose.
Mørkast ytterst, og lysast i midten.
80-120 cm.høg. Duftar litt.
Er riktblomstrande.
Store flotte blomster etter mi meining.






Desse tre rosene, saman med alle dei andre,
har vore flotte i sommar.
Til stor glede for familiane her,
og forhåpentlegvis for alle forbipasserande.
Her er masse hytter i området,
og mange som spasserer forbi rosehagen....
spesiellt tyske turistar.

Enda blomstrar rosene fint, men
så har vi også hatt ein flott haust
her på Vestlandet !

Roser i september - det er glede det !!
Hilsen Silje

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar