mandag 29. september 2014

Septembermorgon

På veg til jobb 
køyrde eg forbi denne vesle
tjørna.
Eg måtte berre stansa for å nyta synet.
...Og heldigvis hadde eg fotoapparatet
med denne morgonen








Stille morgon ved tjernet
Stille morgon,
haustmorgon.
Ikkje eit pust.
Tjernet er som eit under.
Uendeleg vakkert.
Alt rundt det vesle tjernet
speglar seg.
Alt vil vera med.
Så vakkert,
Og så flott !
Slik ein september-spegel !

Ser du spegel-bildet ditt.
Då ser du eit under frå Vårherre.
Litt av Hans skaparverk.
Han skapte deg heilt perfekt
etter sitt hjarta,
som i ein spegel.
Du er eit vakkert bilete for Herren
Eit bilete av stor verdi
Sjå berre, i spegelen
I tjernet
Ein stille
septembermorgon
Silje




















men flottast er dei bildene som er gøymt
i minnet
- lyset
- stillheten
- ro i sinnet
- og gleda over ein ny dag
- ein ny dag 
med nye mulighet
ein ny dag frå Vårherre

September-helsing 
Silje

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar