lørdag 4. oktober 2014

HØNS I HAGEN


"Pål sine høner,
på haugen han sleppte,...."

Her har det vore
høner og hanar som 
har kost seg i hagen min,
og nytt den flotte sommaren
med blomster og andre vekstar,
og forhåpentlegvis så har dei plukka i seg 
nokre småkryp også.
Brødrestar er populert,
då "rope" hanefar,
og vips så er alle hønene der.

Det vart blodig hanekamp, då eg sleppte
dei to hanane saman.
Men, det gjekk seg til,
og stort sett så vart det den 
svarte som 
vart sjefen.


Det er dverghøns av
rasen kochin.
Nokre er blanding, med ulike fargar,
medan dei svarte og dei kvite er reinrase.
som dei ein ser her på bileta.
Karakteristisk er "stjerten" og fjær på beina,
for denne rasen.

I haust fann eg den kvite fine hanen 
daud i hønehuset.
men har ikkje funne ut kva det kunne ha vore,
sidan livet tok så brå ein ende.

Silje



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar