lørdag 14. februar 2015

BLOMAR I FEBRUAR ?


Dei stikk opp
frå den den kalde jorda
kvart år
i januar - eller februar
sjølv om det er
snø
- eller frost

så kvite
så reine
som små englar som ber bud 
om ein
vår
som ventar
der framme
med sol og varme
og liv som vaknar
frå frost
og den kalde daude jord


så god du var Gud
då du gav oss snøklokketeiknet
om det gode som skal komma
der framme

eg kan ikkje sjå det
men eg trur og håpe at
den kjem i år også
VÅREN



Snøklokkehelsing
Silje

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar