lørdag 7. februar 2015

VELKOMMEN FEBRUAR

Så ligg JANUAR bak oss !
Mangslags ver har det vore,
alt frå sol og kaldt,
til regn og surt,
frå snø til torraver.....
 lyn og torden,
frå rolegt ver til orkan,
Orkanen "Nina" var nokså ilter av seg,
her på sør-Vestlandet.


Men no er FEBRUAR her.
Den starta med sol og fint ver
- det gjer veldig godt med slikt eit ver innimellom alt
anna vinter-ruskeveret !


Men no er ny storm på veg,
med namn "Ole".
Det er meldt orkan nordover.

JANUAR VER I MINNET: 


Det fins lys bak skyene, sjølv på ein overskya dag.





Mange tre som låg rotvelta over stien på veg til varden 
- oppå fjellet.



Litt av ein svettajobb for han som rydda stien til fjells den dagen !






Slik gjekk det med
det eine hønehuset - det i hagen.
Har du høyrt uttrykket "som forskremde høns"  ??
Då eg kikka inn i hønsehuset til dverghønsa,
dagen etter stormen -
såg eg forskremte høns !






Lastebilen vart plassert slik at vinden ikkje skulle få tak i drivhuset !



Det gjekk hardt utover det gamle verneverdige 
nabohuset............







Versjuk Silje
ein rufsete laurdagskveld
- vinden riv og slit i huset-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar