mandag 4. november 2013

På reise

Vi mennesker er ulike på mange forskjellig vis.
Når ein er på tur i skog og mark,
eller på reise,
ser ein etter ulike ting.
Som blomstermenneske,
vart eg tiltrekt av
ulike blomster,
 buskar og
tre.
Og sjølvsagt
landskapet der dei veks.
Nokre bilder frå turen :
 




















Trillingblomst eller Bougainvillea
 

Kvit trillingblomst 
 




 

Oliventre
 

 
Appelsintre
 
 









 

 













Hibiskus 


Granatepletre 





 
 
 
 
 
 
 
 
 
Mennesker har alltid drømt om hager.
Eden, Babylon, Getsemane.
Paradis.
Lys og mørke.
Og så har de stelt til hager av villmark,
steder fulle av blomster og springvann,
som tegn på håp.
   Pam Brown. F. 1928
( Frå boka:Hagen ...min himmel på jord! )
 
 
Oktober-tur-hilsen
frå
Silje

fredag 1. november 2013

Fargerike minner frå

 
OKTOBER
Blomster og fargar gjer godt
i oktober.
Det meste held på/har visna
og staudene går i dvale.
Då er det fint å nyta synet
av roser og andre
planter i
fine, friske fargar.
 
 
Slik er det kanskje for oss
mennesker også, om det kan sjå litt
grått og trist ut, er det lurt å leita etter
"fargane" i livet - det som kan gjera ein godt !
 
Og kanskje må vi minna andre som
treng litt oppmuntring -
at det finst vakre ting,
sjølv når det haustar -
og sjølv på
gråe dagar....
 
 
kanskje litt seint ute vesle løvetann -
men du glede meg der du står
og lyse opp på ein våt
oktoberdag

 

 

 

 
 Engletrompetane glede framleis med
sine vakre trompetar.
 
 






 
 
 
 
 
 
 
 




 
Nesten synd å ta inn fucksiaene
når dei er så fine !!
Trur dei skal få stå litt til,
her er framleis nokså mildt..
 
 
 
Så koseleg å få ei slik "blomsterhelsing" !
 
godhet, skjønnhet
og sannhet
 
Idealene som har lyst opp min sti
og gang på gang har gitt meg nytt
mot til å møte livet med et smil,
har vært godhet, skjønnhet og sannhet....
Det trivielle som menneskene jager etter -
eiendeler, suksess, luksus -
har for meg alltid virket foraktelig.
 
Albert Einstein (1879 -1955)
Frå boka "Visdom for livet."
 
Fredagshelsing frå
Silje


torsdag 31. oktober 2013

SISTE DAG -

 
I OKTOBER
 
Etter snaut to veker er eg heime att,
etter sol, varme, bading
og opplevelsesrike dagar
i Midtausten.
Medan her på Vestlandet
har det vore regn og vind,
slik det plar vera om
hausten.
 
På desse to vekene hadde
blad, buskar og blomster
fått haustfargar.
Ver og vind hadde ruska i
trea, og nå står mange av dei
nakne,
og klare for vinteren.
Eg prøvde å fanga
hausten med
fotoapparatet,
men fantastiske fargar
lar seg ikkje alltid fanga slik
ein ynskjer.
Men verd eit forsøk....
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Villbjørnebær
 
 
Frø som er klare for å ta "vingene" fatt og
finna seg ein stad å slå seg til ro for vinteren.
 
 
Flotte fargar på hasselblada
 

I ei haustsol-stråle .....
 
 
 Sauene våre finn ly under eit "hausttre"
i regnet
 
 
...eit som ikkje vinden har fått tak i... 
 
 
 Godt at det framleis er noko som blomstrar
i hagen min
 

Haust - og lange skuggar.
 
Oktoberhelsing frå
Silje

 

 

 

 

 

 

 

 
 
 
 
 


søndag 6. oktober 2013

Medisin

til vinteren -
når forkjølelse, feber
og diverse andre uhumskheter
kryp inn i heimen!
 
Då kan ein ta
fram ei lita flaske
med heimelaga
svarthyllsaft !!!
 
Det både smakar
og gjer godt !
 
I sommar
plukka eg inn ein del
hylleblomster
Det var råsaft,
derfor har eg frose den i små
porsjonar.
(Den har til og med gjort stor
lykke i bryllaup !)

Men nå
haustar eg bæra.


Forslag til etikett.

 Sjølv om eg hausta masse hylleblomster,
vart det og masse bær.
Så nå lage eg saft - for vinteren.
Lage saft på gamlemåten,
ikkje med saftkokar.
Klipper av dei tjukke stilkane,
og legg  bæra oppi ei stor gryte.


Enten kan ein koka opp bæra slik at dei saftar seg godt,
eller ein kan la dei trekkja mange timar,
td.natta over på svært låg varme !

Så er det saft-siling i saft-bøtta mi !
Dette får stå nokre timar.



Gryta vert reingjort,
og ein siler safta gjennom dobbelt bommulsklede.
Mål samtidig opp safta.
Kok opp safta og skum av.
Ha i sukker, alt etter smak og bruk !!
Medisin eller saft til kos eller måltid.
Rør ut sukkeret(smak til),
og gi eit lite oppkok.
Dra gryta av plata,
og ha oppi atamon til
konservering, om ein ikkje
frys safta då.

Aus opp safta i reine varme flasker,
heilt fullt !
Gjer flaskene heilt reine.



 
Ferdig saft!
Viktig med etikettar !

Fine vert/vertinnegaver! 

Safta har mange gode medisinske
virkningar.

Kos deg !!

Hilsen Silje