onsdag 18. september 2013

Blå blomster

 
BLÅTT SOM HIMMELEN ..
Ute er det grått og vått,
og slik har det vore i heile dag.
Men i dag har eg tenkt blått
- og det gjorde godt!
Kva blomstre blått
i min hage?
 
 
Eg har leita
gjennom blomsterbildene
mine i år. Og jammen var det
nokre av denne flotte fargen.
Blått som himmel eller hav !!
Dei lyse opp -og vil gjerne bli sett!
 
 
Scilla er ei vårplante.
Den er fleirårig og
i ulike fargar.
 
 
Scilla
 
 
Vårkjæreminne (Omphalodes verna)
Ei låg plante, som veks utover om
den får lov.
Eg har planta den i ei
krukke, ja, så veit eg kvar eg har den.
 
 
Hagestorknebb. Ei gammal staude.
Finnes i fleire fargar
 
 
Perleblomst
Ein søt vårblomst.
Har også kvit.
 

 
Hageiris.(Iris spurea)
Det seies at irisen er eit symbol på paradiset.
Omlag 300 artar av iris.
Skjeggirisen er vanlegast her i Europa.
 



Blå valmuesøster.
(Meconopsis betonicifolia)
Planta kjem opprinneleg frå Himalaya.
Eigentleg er det ingen ekte valmue,
den høyre ikkje til Papaver-slekta.
Den treng næringsrik jord.
Trivset den, får du ei sterk flott plante,
og etterkvart fleire nye frøsådde små-
planter.
 

 
Johannes stigen.
Frøsår seg om ein ikkje fjernar frøkapslane.
Det fins kvite planter også.

 
Johannes stigen.

 
Ugrasklokke.
(Campanula rapunculoides L.)
Den er flott når den blomstre saman med
prestekrage.
Men, vær forsiktig - den er eit ugras
som det er svært vanskeleg
å bli kvitt.


Hageiris.
Denne er lågare enn den forrige, har berre
ein blomst pr.plante og blomsten er også større.
Den blomstre i juli.
Flott å ha i bukett  saman med roser
og kvit astilbe.
Denne finnes også i kvitt.
 



 
 
Ridderspore.(Delphinium)
Høyrer til soleiefam.
Som så mange av desse blå blomstene,
finnes denne også i mange fargar.
Planta er høg, og noko giftig.
Klipper ein ned blomsten like etter blomstring, så
vil ein få ny blomstring seinare på sommaren.
 


Italiensk oksetunge.
Planta blomstrar andre året.
Høg plante som må stenglast opp.
Små søte blå blomster, men blada er store
og hårete. Kanskje derfor den er blitt kalla oksetunge?
 
 

 
Lobellia.
Her er det både kant-og hengelobellia.
Denne får ein også i mange blåfargar, kvite
og lilla nyansar, eller fargeblanding.
Eg har av og til blanda frø av henge-og kantlobellia.
Då får ein ei tettare og finare plante.
(Tips frå ein gartnar)
I fjor rista eg dei avblomstra tuene i rosebedet mitt,
før eg klargjorde bedet for vinteren.
(la på ein del jord på rosene)
Spør om dei har spirt.....
I den delen av bedet eg rista plantene, har lobelliaen
vokse som eit teppe!!
 
 



Vandrejøde eller vandreren.
(Tradescantia virginiana)
Høyrer til dagblomstfamilien.
Dette er slyngplanter som sjeldan blomstrar.
Denne er ikkje slyngplante.
Svært lett å formere.
Namnet har plantene fått fordi folk har gitt kvarandre
avleggjarar, og på den måten
"vandra dei frå hus til hus".
 
 

 
Kinasøte vart årets staude i 2010.
Dette er ei låg plante og ein haustblomst.
Ho lyser opp i eit heller trist haustbedd.
Det er ei surjordsplante, passar saman med
lyng og rhododendron - altså likar den
kalkfattig jord.
Ei rektig solgrad plante.
 


Blomsten 

Jeg drømte jeg så en blomst

og man skal ikke le av den

Jeg har – for å si det slik

Planlagt å dyrke den.

Jeg skal sette den i jord

Jeg skal vanne den

med ord

Min blomst skal vokse opp

Min blomst skal bli så flott

Jeg ser det så tydelig klart

Se, nå spirer den snart.

ES, Diktsamling, Nr. 25

heltgreipoesi.wordpress.com/2009/06/22/blomsten/
Blå hilsen frå
Silje

1 kommentar:

  1. Så nydelige bilder du har tatt, og fantastisk flotte blåtoner! :)Så koselig å titte innom bloggen din - ønsker deg fine septemberdager! :)Klem fra Else Britt

    SvarSlett