lørdag 7. desember 2013

SNØLANDSKAP -JULEBAKST

I dag vart det tid for
 mellom anna to kjekke ting:
baking og tur ut i snøen -
med min gode turkammerat.
Som veret her på Vestlandet
kan veksla -
alt frå storm -til stilla
frå kaldt - til mildt
frå regn, sludd og hagl - til snø
I natt kom her meir snø
- og i dag har veret vore "julekort"
tilstandar her.
 






 
"Sneen daler lett og fin
og strøk blitt mot ruten min
i morges da jeg drømte på min pute.
Vi tok skjerf og votter på,
hastet veldig med å gå!
Snart var det tusen
barnespor her ute!
Og vi tenner våre lykter når det
mørkner,
og når alle lyder pakkes inn
i vatt.
Ja, vi tenner våre lykter når
det mørkner.
Kanskje lyser de til kvelden si`r god natt."
 
 
 
Hagen - ikkje til å kjenna igjen.
 



Pelssauene våre har tjukk og god ull, og blir heller
ikkje klipt om hausten
- derfor tåler dei godt vinterveret
her på Vestlandet.






Tyder på at det er blitt mildare...
 




 
Så deiligt med slikt ver også !
 
I dag var det pepparkakene
som stod for tur.
FØR - venta ungane alltid
på at vi skulle baka desse kakene
- og så var deigen så utrulegt god......
syntest dei...
dei baka og
åt-
åt og baka.

 
 Men tidene forandrar seg.
I dag var det sol og snø, og flott
skiføre. Så ungdommane fann fram skia
og kosa seg i vinterveret.
Uner dei sjølvsagt det.
 
Var fornøyd med baksten.
Pepparkakeoppskrifta mi er bra!
Så vart det julekaker til kaffien,
då eg endeleg var ferdig!
I går baka min mann og eg kransekakestenger,
som er familiens favoritt !!
 
Så - kan ein berre håpa på finver i
morgon - og ikkje regn som det er
meldt.
 
Lørdagshilsen
Silje
 


fredag 6. desember 2013

Storm - uver og snø-

Tidleg på morgonkvisten
kom snøen !
Vinterens første snø!
Kvit og fin.
Gjorde landskapet
lyst - og reint !
 
 
 
 
 
På formiddagen kom vinden tilbake
- det vart reine snøstormen.
Vindkulene virvla 
snøen til vers.
 
Det lysna og eg fekk
meg ein liten tur
ut for å gi hønene,
og ta litt bilder. 
 

 


 
Rosebedet får kvila under ei dyne av snø.
 
 





 
Vrihasela er flott med snø på.
 
 
Juletreet stod sjølv etter denne stormen.
...saman med ein "nedlagt verstasjon"
 

Nokre eple til fuglane.
 
 
 
 



Deilig å vera inne
og baka litt
julekaker.
Dei smake som
kjent best før jul.
 
 
Men det kan til tider bli nok
søtt - så litt knekkebrød
er også godt til
kaffien.
For lettvinthets-skuld
bruker eg av og til ferdig-posar,
så er det berre å slå oppi vatn,
og smørja dei utover bakebrettet.
Lagar alltid av
2 pakkar, det blir tre
og eit halvt
brett.
Viktig å få deigen veldig
tynt utover, så tørkar dei
raskare, og blir sprøare. 
 
.


 
 
Cornfakeskakene er
etterspurt av
familien.
Dobbel oppskrift,
så varer dei
utover
adventstida.
 
Fredagshelsing
Silje

torsdag 5. desember 2013

Uver på Vestlandet

I dag er det skikkeleg uffe
å gå ut.
Det regnar, av og til sludde-hagle,
og bles det "någe så hinsides" !!
Lenge sidan sist det storma
så ufyseleg!
Men någen her i huset
synest faktisk
dette veret
er fasinerande.....
 
Gjennom stovevindauga ser
vi bølgene gå kvite 
mot land.
Lengre ute på havet
piskar vinden sjøen opp i lufta.
 
Her ligg tre rotvelta
- og straumen er borte -
men det er nå koseleg,
med stearinlys for ei stund ...
 
Men kjekt å få att straumen og!
 
M.Toft 
 
 
 
Mer kan ingen få.
 
Du ga
det du hadde
å gi.
 
Svøpte meg inn
i din verden
i øyeblikk
som
favner alle timene
vi ikke eier.
 
Mer
kan ingen få.

K.B.Log (Med tillatelse frå forfattaren)
 
 
 
 


onsdag 4. desember 2013

Små gleder

i kvardagen.
Så heldige me er -
som har ein teen-åring
som er så oppmerksam og opp-
finsam at
ho har laga adventskalender til
foreldra sine....
For ei koseleg overrasking !!
Mykje omtanke/arbeid for kvar dag.
Konvolutt med eit fint, lite
sjølvlaga kort med eit bibelvers
å ha med heile dagen....
og - til og med ein liten pakke -
Så koseleg -
 
 
 
 
 

 
 
 
 
 
 
I dag 4.desember
var bibelverset frå Salme 37,5
"Legg din veg i Herrens hånd!
Stol på ham, så griper han inn."
 
 
 
- 
Og så Troika sjokolade
 
 favoritten  min  -
nå passe det med kaffi og noko godt til.... 
  
Hilsen Silje

tirsdag 3. desember 2013

desember på vestlandet

Jo, vi er van med snøfattige førjulstider,
sjølv om vi av og til får "julekortvær" !!
Men til no i des. har vi berre
hatt grått ver.
Så gjeld det om å finna noko
positivt i kvardagen.
I dag viser eg
deg kor flotte konturar
nakne tre kan ha ein slik dag.
Eiketrea trivest her på milde Vestlandet.
Flotte tre !
Rart å sjå alle visne blad som enda heng og
vernar neste års bladskudd.
 
 

 


 .......men ikkje her ...
 
 

 
Her ligg vinterforet klart for
sauene til vinteren.
 
Ein "Balle" som ønske
god tur til fjells !


 
 
Vel heime måtte eg ta turen bortom nokre få
fuchsia-planter som enda får stå
under kjøkkenvinduet.
Fine fargeklattar
på grå
desemberdagar.
 
 
 
 
 
Ein fine måndagskveld.
Silje

mandag 2. desember 2013

roser i desember

Det gjer godt å gå
ut i hagen på denne kalde
årstida - og nyta årets siste roser !
 
Dei små Bonica rosene gir ikkje opp.
Heller ikkje dei litt større
Leonardo da Vinci.
Desse to rosa rosene har blomstra
utrulegt flott utover heile
sommaren
- og nå -
i desember !
 



 
Det hev ei rose sprunge
 
Det hev ei rose sprunge
ut av ei rot så grann.
Som fedrane hev sunge:
Av Isais rot ho rann,
og var ein blome blid
midt i den kalde vinter
ved mørke middnatts tid.
 



Om denne rosa eine
er sagt Jesajas ord.
Maria møy, den reine,
bar rosa til vår jord.
Og Herrens miskunnsmakt
det store under gjorde
som var i spådom sagt.
 



 
Guds rose ljuvleg angar
og skin i jordlivs natt.
Når hennar ljos oss fangar,
ho vert vår beste skatt.
Vi syng i englekor:
No er det fødd ein Frelsar,
og natta vart til dag.
 

 
Silje


søndag 1. desember 2013

1.desember

 
og første søndag i advent.
Så er november over
- og vi har gått inn i adventstida.
Ei fin tid,
med masse koselege ting å gjera.
Så får vi prøva å halda
roen -
og ikkje stressa oss
og familien opp !
 
 
 
Ein av ungdommane som har kost seg med
å laga ein liten dekorasjon med
blomster
og anna frå hagen !
Vasen/skåla er ein blikkboks
som det er surra grønne kvister rundt!
 
 
Ikkje kjekt med førjulsstess !
Har høyrt om dei som gjer alt ferdig til
1.desember for å berre kosa seg
i desember.
 
Men eg har nå tenkt å kosa meg
med alle gjeremåla nå før jul.
Eit godt tips: å laga liste over
ting ein må gjera
- kan gjera
 - og ting ein har lyst å gjera  !
Noko må ein kanskje hoppa over i år...
 
 


 
Så var fatet med adventslysa funne fram
og pynta !
 
TENN LYS!
 
Tenn lys!
Et lys skal brenne for denne lille jord.
Den blanke himmelstjerne, der vi og alle bor.
Må alle dele håpet så gode ting kan skje.
Må jord og himmel møtes. Et lys er tent for det.
           (Eivind Skeie)
 
Ein fin 1.søndag i advent.
Silje