fredag 6. desember 2013

Storm - uver og snø-

Tidleg på morgonkvisten
kom snøen !
Vinterens første snø!
Kvit og fin.
Gjorde landskapet
lyst - og reint !
 
 
 
 
 
På formiddagen kom vinden tilbake
- det vart reine snøstormen.
Vindkulene virvla 
snøen til vers.
 
Det lysna og eg fekk
meg ein liten tur
ut for å gi hønene,
og ta litt bilder. 
 

 


 
Rosebedet får kvila under ei dyne av snø.
 
 





 
Vrihasela er flott med snø på.
 
 
Juletreet stod sjølv etter denne stormen.
...saman med ein "nedlagt verstasjon"
 

Nokre eple til fuglane.
 
 
 
 



Deilig å vera inne
og baka litt
julekaker.
Dei smake som
kjent best før jul.
 
 
Men det kan til tider bli nok
søtt - så litt knekkebrød
er også godt til
kaffien.
For lettvinthets-skuld
bruker eg av og til ferdig-posar,
så er det berre å slå oppi vatn,
og smørja dei utover bakebrettet.
Lagar alltid av
2 pakkar, det blir tre
og eit halvt
brett.
Viktig å få deigen veldig
tynt utover, så tørkar dei
raskare, og blir sprøare. 
 
.


 
 
Cornfakeskakene er
etterspurt av
familien.
Dobbel oppskrift,
så varer dei
utover
adventstida.
 
Fredagshelsing
Silje

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar