fredag 27. desember 2013

Tur i skogen - og fars fiskesuppe

Ruskete julehelg -
mykje vind og regn
-
men i går var det godt
med opphald og eit
streif av sol.
 
Det gjorde godt med ein tur i skogen,
etter så mykje helg og mat !
-sjølv om begge deler er kjekt.
 
Fotoapparatet var med som vanleg-
og linsa har "auge" for små vanlege ting
- som mose, bregner og rare tre..
 





Ein fotojegers kamuflasjetelt.
Ørneftograf
 









Godt med støvlar etter veret i går
Takk for turen!!
 


 Hjerte av sibirkornell
 
 Handlaga julekrybbe frå Midtausten.
 
 
Så fortsette "kokken"- far i huset
med fiskesuppa.
2.juledag er fast fiskesuppedag
her i huset.
Det tek fleire timar å koka den
-men å så god den blir.
Oppskrifta er visst hemmeleg-
men litt har eg då fått med meg...
 
Masse gode grønsaker vart kokt/trekt saman
med hummarkrafta frå julelunsjen.
Det heiter seg at ein skal ha 7 slag fisk/skalldyr
i suppa, i dag vart det fem.
 
 

 
Når suppa er ferdig,
slår ein fløyte oppi,
den jevne fint.
Før du ause opp,
kan ein leggja renska reker og hummar
i botnen av suppetallerkenen.
Server med flattbrød,
eller nysteikte grove rundstykker !
Hugs å tilpassa suppas innhold etter
gjestene.
 
Her i huset blir det laga ei diger gryte
suppe.
Så frys vi suppa ned i passe
posjonar.
Nydelegt å ta opp ein kald vinterkveld,
eller når ein treng ein kjapp middag
etter ein travel dag!!
 
ÅÅÅÅÅ så godt det er med fisk
etter eit par dagar med kjøt.
 
Ha ein fortsatt fin 3.juledag.
Julehilsen frå
Silje
 
 
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar