tirsdag 3. desember 2013

desember på vestlandet

Jo, vi er van med snøfattige førjulstider,
sjølv om vi av og til får "julekortvær" !!
Men til no i des. har vi berre
hatt grått ver.
Så gjeld det om å finna noko
positivt i kvardagen.
I dag viser eg
deg kor flotte konturar
nakne tre kan ha ein slik dag.
Eiketrea trivest her på milde Vestlandet.
Flotte tre !
Rart å sjå alle visne blad som enda heng og
vernar neste års bladskudd.
 
 

 


 .......men ikkje her ...
 
 

 
Her ligg vinterforet klart for
sauene til vinteren.
 
Ein "Balle" som ønske
god tur til fjells !


 
 
Vel heime måtte eg ta turen bortom nokre få
fuchsia-planter som enda får stå
under kjøkkenvinduet.
Fine fargeklattar
på grå
desemberdagar.
 
 
 
 
 
Ein fine måndagskveld.
Silje

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar