søndag 1. desember 2013

1.desember

 
og første søndag i advent.
Så er november over
- og vi har gått inn i adventstida.
Ei fin tid,
med masse koselege ting å gjera.
Så får vi prøva å halda
roen -
og ikkje stressa oss
og familien opp !
 
 
 
Ein av ungdommane som har kost seg med
å laga ein liten dekorasjon med
blomster
og anna frå hagen !
Vasen/skåla er ein blikkboks
som det er surra grønne kvister rundt!
 
 
Ikkje kjekt med førjulsstess !
Har høyrt om dei som gjer alt ferdig til
1.desember for å berre kosa seg
i desember.
 
Men eg har nå tenkt å kosa meg
med alle gjeremåla nå før jul.
Eit godt tips: å laga liste over
ting ein må gjera
- kan gjera
 - og ting ein har lyst å gjera  !
Noko må ein kanskje hoppa over i år...
 
 


 
Så var fatet med adventslysa funne fram
og pynta !
 
TENN LYS!
 
Tenn lys!
Et lys skal brenne for denne lille jord.
Den blanke himmelstjerne, der vi og alle bor.
Må alle dele håpet så gode ting kan skje.
Må jord og himmel møtes. Et lys er tent for det.
           (Eivind Skeie)
 
Ein fin 1.søndag i advent.
Silje
 
 
 
 

 
 
 
 
 
 
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar