torsdag 31. oktober 2013

SISTE DAG -

 
I OKTOBER
 
Etter snaut to veker er eg heime att,
etter sol, varme, bading
og opplevelsesrike dagar
i Midtausten.
Medan her på Vestlandet
har det vore regn og vind,
slik det plar vera om
hausten.
 
På desse to vekene hadde
blad, buskar og blomster
fått haustfargar.
Ver og vind hadde ruska i
trea, og nå står mange av dei
nakne,
og klare for vinteren.
Eg prøvde å fanga
hausten med
fotoapparatet,
men fantastiske fargar
lar seg ikkje alltid fanga slik
ein ynskjer.
Men verd eit forsøk....
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Villbjørnebær
 
 
Frø som er klare for å ta "vingene" fatt og
finna seg ein stad å slå seg til ro for vinteren.
 
 
Flotte fargar på hasselblada
 

I ei haustsol-stråle .....
 
 
 Sauene våre finn ly under eit "hausttre"
i regnet
 
 
...eit som ikkje vinden har fått tak i... 
 
 
 Godt at det framleis er noko som blomstrar
i hagen min
 

Haust - og lange skuggar.
 
Oktoberhelsing frå
Silje

 

 

 

 

 

 

 

 
 
 
 
 


søndag 6. oktober 2013

Medisin

til vinteren -
når forkjølelse, feber
og diverse andre uhumskheter
kryp inn i heimen!
 
Då kan ein ta
fram ei lita flaske
med heimelaga
svarthyllsaft !!!
 
Det både smakar
og gjer godt !
 
I sommar
plukka eg inn ein del
hylleblomster
Det var råsaft,
derfor har eg frose den i små
porsjonar.
(Den har til og med gjort stor
lykke i bryllaup !)

Men nå
haustar eg bæra.


Forslag til etikett.

 Sjølv om eg hausta masse hylleblomster,
vart det og masse bær.
Så nå lage eg saft - for vinteren.
Lage saft på gamlemåten,
ikkje med saftkokar.
Klipper av dei tjukke stilkane,
og legg  bæra oppi ei stor gryte.


Enten kan ein koka opp bæra slik at dei saftar seg godt,
eller ein kan la dei trekkja mange timar,
td.natta over på svært låg varme !

Så er det saft-siling i saft-bøtta mi !
Dette får stå nokre timar.



Gryta vert reingjort,
og ein siler safta gjennom dobbelt bommulsklede.
Mål samtidig opp safta.
Kok opp safta og skum av.
Ha i sukker, alt etter smak og bruk !!
Medisin eller saft til kos eller måltid.
Rør ut sukkeret(smak til),
og gi eit lite oppkok.
Dra gryta av plata,
og ha oppi atamon til
konservering, om ein ikkje
frys safta då.

Aus opp safta i reine varme flasker,
heilt fullt !
Gjer flaskene heilt reine.



 
Ferdig saft!
Viktig med etikettar !

Fine vert/vertinnegaver! 

Safta har mange gode medisinske
virkningar.

Kos deg !!

Hilsen Silje
 

 

 

 


fredag 27. september 2013

Hemmeligheter

 
Av Kate Morton
 
Nå har eg akkurat "lese" ferdig denne romanen.
Det vil sei, eg har benytta meg av tilbudet om
lydbok !
Ein super mulighet og så avslappande.
Så kan eg lena meg tilbake,
nyta kaffien og ein god roman,
eller lytta til boka når ein gjer
kjøkkenarbeid ....
 
 
Forfattaren av boka har hatt stor suksess
verda over med sine flotte romanar.
Den siste romanen hennar har elementer
av mysterier, hemmelighetar, tjuveri,
mord og kjærleik.

God bok som eg anbefale,
om ein like slike romanar då.
 




 
 
 
Ha ei god helg,
med bok eller hausttur eller hage eller ....!
Fredagshelsing
frå Silje.
 
 
 
 


torsdag 26. september 2013

Ein oppdagelse

 
 
I dag vart eg oppmerksom på
kristornbusken i hagen.
Kanskje fordi bæra har fått litt farge ?
Det ser ut for at det er veldig mange bær i år!
Desse greinen er så flotte til
å bruka i juledekorasjon saman
med kvite roser.
 
 
 

 


I Sunnhordaland og Ryfylke har det
vore/og framleis er det, hausting av
kristorn for både eksport
og innanlands bruk, spesiellt
ved juletider.

 
 
Kristorn er Noregs einaste eviggrøne lauvtre.
 
Blada er djupgrøne, stive, tjukke og læraktige, og har skarpe torner i bladkanten.
 Hos eldre tre mangle ofte tornene. Han- og hoblomstene blir utvikla på kvar sitt tre;
Blomstene er små og kvite.
Nokre få trær har både han-og hoblomster.
Frukta er eit raudt kulerundt bær som er 6-10 mm diameter og inneheld fire frø.
Sjølv om bæra blir modne seint på hausten, er de svært harde og bitre. 
 Fuglane et ikkje bæra før frosten har gjort dei  mjukare.
Bæra er giftige for menneska.
 


Eldre tre har ikkje så mange tornar.
Det finnes mange ulike kristornartar.
Dette er ein variant.
 



Nokre kristornbuskar kan til og med ha gule bær.
 
 
Det blir berre blomstring og bær når treet får nok lys.
Kommuneblomst for Lyngdal.
Kommuneblomst og kommuneskjold for Stord kommune.
 
 


 
Suprise! 
Frøsådde løvemunn i rosebedet !



Chantyrose i septembersol.


 
Leonardo da Vinci rosene blomstre framleis-
men ikkje så mange.



Haustasters.
Nydeleg lillafarge



Rart insekt ...


Gammal mørkrød georgine.

 

Gled deg!
 
Gjerd inn
små øyenblikk
av glede.
 
 
Gleder
er lykter
som lyser opp
hverdagens veistrekninger.
 
Grip gledene
så de kan glede deg !

(Ragnhild Bakke Waale) 
 
Hilsen Silje

 



tirsdag 24. september 2013

Framleis litt sommar

 
Så deiligt - varme fine dagar !
Eg nyt dei i laaange drag -
og blomster og sommarfuglar like eins.
Hønsa spankulerer i hagen...
og ja, ein blir berre så glad.
Bonus-sommar !
 
Av og til
finn ein små
overraskingar i hagen.
Har gått og sett på ein bladrosett,
har tenkt at det gjerne kunne vera..
og ganske rett..
Lys prydtobakksplante !
Så moro,
frøa har tydelegvis
lege  mange år i jorda !
 

 

 

 
 
Det gjer
også godt å sjå
dagpåfugleøye - sommarfuglen
kosa seg på
georginene.

 
 

 
 





 
Stille glede
 
Bare en stille glede.
 
Bare en stille fred.
 
Dagen er fylt av glede
mens timene flyr av sted.
 
Slik får jeg favne livet
 
med sommer og smil i sinn
og mottar med takk og glede
et kjærtegn av sommervind.
 
Med tillatelse frå forfattaren
K.B.Log
 
 
Ei lita "haust-sommar helsing"
frå Silje
 
 


mandag 23. september 2013

Plommer

 
I år vart det masse fine plommer til hausting.
Nå har vi plukka ned  "Jubileum" plommene.
Dei var store og flotte i år.
Men så har dei nå hatt ein fin sommar!
 

 

Som nygift
(for mange år sidan)
fekk eg oppskrift på plommesyltetøy
av svigermor.
Veldig godt, men heller rennande.
Må helst etast ved sida av vafler, lappar osv.
 
3 kg.plommer
2 kg.sukker
Plommene deles i to, og ein
tek bort dei kjernane som let
seg løysa.
Syltetøyet kokes ca.20 min.
med litt sukker.
Ha i resten av sukkeret 
+ atamon(konserver.)
Skum av.
Prøv å "fiska opp" fleire
kjernar.
Ha på reine og varme syltetøyglas. 
Ps!
Brukar ein ikkje heilt modne plommer,
blir syltetøyet stivare..
 
 
 
Etterkvart som det kom ungar i huset,
måtte eg laga noko meir barnevennleg syltetøy.
Dermed vart oppskrifta på "Jam-posen" brukt.
Bruke potetstøytaren for å mosa plommene
når dei har koka litt.
Plommer må sjølvsagt kokast noko meir
enn det pakken seie før ein
kan ha i jam-pulveret.
 
Og nå kan ein ha syltetøyet
på både skiver, vafler osv.
 
 
Jubileumsplommene var så søte og gode,
at eg ikkje trong så svært mykje sukker i år!
Men eg smake alltid til sukkeret...
Så nå vert det nylagd
plommesyltetøy
til frukosten.
 

 
Alle set pris på plommer som ligg spiseferdige
på fatet i stova........
 


Mandagshilsen
Silje


torsdag 19. september 2013

Framleis farge i hagen

 
 


Georginer er som fargar i
eit malarskrin  
- nyt dei!
 

 
 
 
 
 
 
Fargeskrinet er ditt!
 
 
Velg deg
din egen
fargeskala.
 
Mal øyeblikkene
i dine egne
nyanser.
 
Fargelegg
dagene dine
til et paradis
og innta det!
(Frå diktboka:Glede og håp.
av Ragnhild Bakke Waale)
 
Fargegledehilsen
Silje