søndag 18. august 2013

Rosehagen min

ROSA ROSER
 
Nå vil eg visa deg rosa roser i hagen min.
Eg er glad i alle slags blomster,
men roser er nok
favoritten.
 



 
Denne rosa har eg ikkje namn på, men den har ei historie.
Eg kallar den Farmorrosa.(Frå svigermor mi.)
Henne var eg veldig glad i, derfor betyr rosa
mykje for meg. Ho hadde den med frå
heimplassen sin. Eg planta den i hagen
min i vår, og den overlevde med
eit nødskrik.
Men den ser ut til å trivast
heldigvis!
 

 
 
Leonardo Da Vinci
Planta den i 2012.
Ei av hagens beste rose. Klaserose.
Blomstrar rikt og har veldig friske blad. Greide seg
veldig godt i tørrafrosten i vinter.
Svak duft!
 

 
Apotekarrosa - Rosa Gallicia officinalis
er ei buskrose.
Den stamme frå ein gong på 1400-talet.
Brukt før som medisinplante, til parafyme og mat.
Den har ei sterk og søtlig duft.
Herdighet H6
Mi rose er etter det eg kan sjå mørk rosa.
Dessverre er det både i fjor og i år den som først fekk
luseangrep.
Så vart det eit par omgangar med såpesprit på dei,
og så var det gjort!
 


 
Astrid Lindgren rose
 Lys rosa halvfylte roser med litt duft.
Hardfør og robust, ca 1 m.høg.
Rosebusken min er ca.16 år og har blomstra fint kvart år!
 


 
Bonica er ei buskrose.
Den har klynger med søte små til mellomstore
rosa-rosa blomster. Rosa er hardfør og får lite sjukdommar.
Her har den blomstra like flott sidan vi planta den,
og det er veldig lenge sidan.......




Hurdalsrosa. Buskrose.
Eg fekk eit lite rotskudd i 2009.
Planta den i ei krukka men den  har nok blomstra
lite desse åra. Men i år har den blomstra flott!
Den blomstre tidleg i juni og er dermed til stor
glede for alle i familien.
Den er ikkje remonterande.
Mellomstore blomster.Ikkje duft.
Skal ein beskjæra busken, må ein gjera det
like etterblomstring.



Lea TM Renaissance. Buskrose.
Veldig dobbel blomsterform.
Blir 100-150sm. høg.
Dufter godt.
Ei rose eg er blitt glad i!!

Rosa søndagshilsen
Silje
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar