mandag 19. august 2013

ROSEHAGEN

GULE ROSE
Nå har det vore veldig ustabilt august.ver.
Regn, vind, overskya og litt sol innimellom.
Til oppmuntring så treng eg gule roser i dag.
 

 
Kronprinsesse Mary. Klaserose. Frå 2004.
Likar seg best i sol. Ca. 1 meter høg.
Jevn tilgang på vatn.
Blomstene er 6-9 cm.i diameter. Dei er tettfylte
med sitrongul farge som bleiknar til nesten kvit.
Planta ei av denne rosa i fjor, den var kjempefin då!
Men den var puslete i vår, og har blomstra noko spasomt...
 
 
Yellow fairy. Moderne buskrose frå Danmark.
1988. Kan og brukast som bunndekke. Desverre litt utsatt
for ein del sjukdommar som ein må bekjempa. Små, mellomstore
gule blomster.
To av 5 roser hos meg overlevde ikkje vinteren.
Men dei dekke jo, så det gjer ingen ting.
Saman med blå Lobelia er det flott. 
 

 
CHINATOWN
Har opprett kraftig vekst. Den
remonterer. Er frå 1963.Den har lysegrønt blankt
fint lauv. Store gule fylte blomster med lys rosa skjær og duftar.
Kan og brukast som klatrerose mot vegg. Lite sjukdommar. Kan anbefalast.
 
Dei tre Chinatown rosene min har eg hatt veldig lenge,
saman med Allotria og Bonica. Dei skuffe aldri.
Men med mykje regn kan knoppane
rotna, som hos fleire-andre roser.
Om våren skjer eg dei heilt , vil
ikkje ha klatreroser i
rabatten.
Skjer dei og ein del ned etter 1.blomstring.




Ei "gamal" rose, namn ukjend!
Blomstrar fint kvar sommar.
 
- Hjelpte med gule roser -
nå skin sola!!
 
  
Gul og glad mandagshilsen frå Silje.
 
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar