søndag 16. november 2014

Spor av hjort på søndagstur

Nå er familiens jegrar
ofte på tur i mark-fjell, for å sjå etter hjort.
"Lurejakt", har eg forstått det heiter, 
når ein går aleine-og liste seg fram, der ein veit
det er hjortetrakk !
Dvs.,ein sti som hjortedyra brukar.


Kronhjort

Men av og til - litt uti jaktperioden
på hausten - går dei som er med i jaktlaget
i eit område(eit val),saman. 
Drivjakt.
Nokre går på bestemte postar og sit med geværet klart,
medan andre "jagar"- lagar lyd-støy.
dei skremme dermed dyra mot jegerposten.
Dei har det utrulegt kjekt saman,
der det sosiale er veldig viktig.

Men, veldig ofte kjem dei heim utan dyr.
Det er nemleg "rett avskytning" - 
dvs. at i ein fire årsperiode, så kan dei skyta
eit visst antal kalvar, koller eller hind (hodyr),
og bukkar. 
Viktig at ein ikkje skyt berre bukkar, eller berre koller.
for her er det viktig å ta vare på 
heile hjorte-bestanden.

Sjølv om dei kjem heim utan å ha fått dyr,
smiler dei som oftast og seier dei har hatt ei flott
naturoppleving.




MEN - idag er det søndag - og jegrane her
i familien tek fri frå jakt og anna arbeid,
og tek heller familien med på tur,
med eller utan kaffi og mat.

Borna som før alltid var med på tur,
er fløye  ut av "reiret" - og har eigne familiar å ta vare på.

MEN -  av og til kjem dei heim - og lurer på
kvar vi legg turen denne søndagen ??

I dag går vi to -og hunden vår (ein gordon setter)
til "fjellet vårt."


Blåsande søndag - men sol og fint ver.

Men  - mannen min går med "jegerbrillene" på,
og kikkerten klar...
Så eg vart gjort oppmerksam på mange spor i dag.
Greiner og småtrær som hjorten hadde bruka til å gni geviret mot.(hornet),
for å få bort "basten" skinnet på dei nyutvakse horna.


Så var det "paringsgropa" eller "badebassenget" - ei skikkeleg sorpehola !



Fersk ekskrement -som ser ut som Ifa-drops...
hjorten var nok ikkje langt unna, men har nok fått
"veret" av oss og sprunge. 
Dei har godt utvikla lukt-og høyrselsans, 
men dårlegt syn. 






 Vindu midt i ei gammal rot.












Kråkefot


Haust på myra




Og så nådde vi toppen eller-  varden- i dag og,
ei god kjensle kvar gong!











Fantastisk utsikt  - i eit fantastisk flott land !




Ha ein framleis fin november-søndag.

Silje





søndag 2. november 2014

Georginer i oktober

Georginer (dahlia)

Hagesesongen går mot slutten.
Akkurat no i november,
har eg nett teke opp dei to siste
georgine-knollane.
Trist å spa dei opp -
fordi dei blomstra ennå.
Tørkar dei i kjellaren, slik at dei ikkje
skal rotna.
Held på og tek inn fuchsia-plantene.

Men  -   kalenderen vise november,
så vi kan venta oss minus grader,
sjølv om det er på sør-Vestlandet.

Årets georginer !









































Silje