onsdag 28. august 2013

Rosebedet - dei raude

 
RAUDE ROSER
 Har vore ute på min vesle morgontur. Framleis fin
temp., sjølv om det er litt lettskya i dag.
Eg har ikkje gløymt dei raude rosene mine,
sjølv om eg ikkje har så mange sortar.
 
 Rosa Bassino

 
I vår kjøpte eg tre nye småblomstra raude roser
av Rosa Bassino
 

 
 
 
Rosa Bassino.
Dette er ei mardekkande god rose. Låge buskforma og
krypande greiner. Den blir ca.30 cm. Blomstene er
mørkeraude med gule pollentrådarmiddels. Den er
utan duft, men remonterande.
 
Hot Chocolate 

 
Hot Chocolate.
Planta fem roser av denne. Syntest dei var nydelige.
Dei er sjokoladeorange i farge.
Dei overvintra godt og er like fine i år, som i fjor.


 
 
 
Men som du ser,i år er dei mykje raudare, men like
frodige! Kan det ha med temp.og sol å gjera?
 
 

Allotria



 
Allotria planta vi i 1990. Det er ei forholdsvis gamal rose frå 1958
Denne djup raude rosa har vi hatt mykje glede av. Tydelegvis ei
sterk rose. Klaserosa blir ca.80 cm.og har friskt grønt
bladverk. Eg brukar den ofte i blomsterdek.
pga.bladverket.
Dei står ved sida av "Herbstfreude" og Chinatown
(gul rose) - så det blir fargerikt!
 


Ei fin klaserose i det store bedet ved vegen
Denne blomstrar tidleg, i juni, men eg har ikkje
namn på denne.




Enda ei fin klaserose på familiebruket som vi
ikkje har namn på.
 

 
Til slutt ei av svigermors roser.(nabohagen).
Dette er ei stilkrose
Den lukte veldig godt og ser ut som den er av
fløyel. Trur kanskje det kan vera ei "Hanne" rose.
Hadde slike ved huset vårt tidlegare, men dei var
så utsett for mjøldugg. Rosa er sterk mot
regn og dufte nydeleg.
I Damnark blir den mykje brukt til rosegele!
 
ÅTTE ROSE
Åtte rose vil jeg gi deg.
En fordi du er så pen.
En for alle drømmer i deg,
lar du oss få plass i en.
En fordi du er en hulder.
En fordi du er en ånd.
En for trykket av din skulder.
En for varmen av din hånd.
En for håpet.
En for slottet
vi skal bygge: det blir åtte -
åtte roser som vil tørste
efter å være nu
hos den niende og største ville rose - som er DU.
(Andre`Bjerke)
 
Rosehilsen
Silje
 
 
 


mandag 26. august 2013

Snart haust...

Framleis sommar, men ...........

Det går mot slutten av denne månaden
Men dagane er heldigvis solrike og flotte,
og hagen blomstrar framleis.
Temperaturen er upåklageleg her vest !
Deilig å sitja på terrassen og nyta "seinsommaren"
med god kald "hylleblomstsaft" (sjå tidlegare innlegg), og ei god bok.
Akkurat nå les eg "Indias datter", ein roman av
Shilpi Somaya Gowda. Ei flott bok om jentebarn
som ikkje har verdi på landsbygda i India.
Så når Kavita føde ei datter............
 
 
Her ein dagen såg eg ein grågåsflokk som hadde
samla seg, og ga oss eit høglytt "farvel" og takk
for i år, høgt der oppe i det blå.





Kanskje eg skulle prøva meg på rognebær-gele i år !
Dei er berre så flotte i år, og så mykje bær!!
Rognebærgele er berre nydelegt til viltkjøtt.
 

 
Og eplene modnast - glede meg til gode usprøyta epler
frå hagen.
Eplekaker, råsaft av epler og masse anna godt.
 

Det bugnar av plommer her i år.
Tida vart knapp i vår - plommenkarten vart ikkje tynna
- dermed får vi finna oss i at det blir mange små blåplommar.
I går vart det plommepai til kaffien..
nydelig !
Du får oppskrifta ein annan dag............
 

 
 
 

 
Hønsa i hagen trippar rundt det gamle plommetreet, og håpe på
at plommene dett ned. Hanane kaklar fælt når dei finn ei
plomme- tydeleg at dei rope på hønene.
Dverghøns av rasen "kochin".
I går vagla ei høne seg på ei grein og koste seg med
ei plomme, og i dag såg eg ei anna høne hoppa opp
og nappa til seg ei plomme!
Artige høns!
 
Augusthelsing
Silje


lørdag 24. august 2013

Brugmansia

ENGLETROMPET.
 
HURRA!
Endeleg har engletrometane mine starta blomstring!
Glede meg til desse flotte blomstene kvart år.
Men - veret har mykje å seia for blomstringa.
Og endeleg - i år har vi hatt SOMMAR !
 Og nå har den rosa engletromp. min
starta blomstring.
 


Eg nyt synet - og går og kjenne på den nydelege
lukta om kvelden.
 

 
Denne veit eg ikkje namnet på, men har kalla den
Kirsten etter dama eg fekk ei grein av.
Har grove potta halveis ned i blomsterbedet
- men det var ingen god ide - må gå og vatna
den allikevel.
 

Prestekrage og engletrompet er fint saman.
 

 
 
Dagens sitat:
 
".....forskning tyder på at hagebrukterapi kan
senke blodtrykket, sinke tap av benstruktur,
bedre blodomløpet
og minske stress."
(Connie Goldman&Richard Mahler)
 
God lørdagskveld!
Silje


fredag 23. august 2013

Ei sommarplante

BLODBEGER
 
Dette var årets nye sommar-plante for meg.
Leste om den på ulike hagebloggar.
Syntes den var kjempeflott!
Så i vår kjøpte eg frø.
Eg har hatt same oppleving som
novemberrosen.blogspot.no
har hatt.
5 små frø, to av dei spirte, men berre ei overlevde !
Men denne planta har gitt meg masse glede.
Pga.av ein skade i sommar, har ikkje
planta fått stor nok potte, og
ikke den plassen den fortjener.
Men den får klatra i svigerfars
turstav...
 

 
Eg er heilt fasinert av blomstene !
 



Håpe eg får frø av planta mi,
for denne var flott!
Og dela med andre....

Dagens visdomsord:
"Den som planter en hage,
planter lykke."

Kinesisk ordtak

torsdag 22. august 2013

I min hage......

LITT AV HAGEN MIN
 

Vekommen til ein liten rusletur i hagen.
 
Slik såg det nye rosebeddet ut oppved hovudvegen.
Men alle som driv med hage veit at det er
"ingen ting som kjem av seg sjøl"
Her har vi hatt både gravemaskin, og fam.har murt,
solda jord, lagt duk underst, henta heim fine steinar frå ein
holme...........og så planta nokre nyinnkjøpte roser!
Men vi syntest nå det vart fint!
I år har vi kjøpt litt fleire roser.Så får vi litt
rose-erfaringar etter kvart.
 


Hagen i fjor vår. 
 
 
 
 
 
 Rosebedet i år.
 
 
 
 
 
 
Mur på nedsida.






 
Syriner i juni.
 
 
Valmuehagen.
 
 
Rosa eg har drive fram.
 
 
 
Astilbe og "Johannes-stigen" (den blå)
 
"Trekant-bedet" ved terrassen.
Her klatrar to klematis oppover .
 
 
Den lilla, italienske, småblomstra klematisen
heiter "Polish Spirit!
 

 
Astrid Lindgren og Bonica(t.h.)
Hønehuset i hagen bak.

Bedet ved vegen med holmastein rundt.
Raud og rosa pelargonium med kvit kantlobelia.
 
Dagens ord på ein flott solskinnstorsdag:
"Å se at noe vokser ,
er godt for moralen.
Det gir deg tro på livet."
Myron F.Kaufmann
 
Silje

onsdag 21. august 2013

Rosehagen

 
KVITE ROSE I ROSEHAGEN MIN
 

 
Luise Buget
Ei nydelig frisk og frodig rose.
Kjøpte den i fjor og greide seg svært godt gjennom
vinteren. Tidleg blomstring. Vil tru det er ei buskrose.
Knoppane er berre nydelige, med rosa/raude innslag.
Som utsprungen blir den heilt kvit.
 
 



 
 
Aspirin rose
Denne har svak rosa farge som går over til kvitt.
Ei av dei beste nyare sortane. Kan også brukast til
markdekkande rose. Riktblomstrande og sjukdomssterk.. H4
Startar blomstringa i juli og blomsta hos meg like til snøen kom.
Har framleis dei 5 rosene eg planta i fjor.
Flott rose saman med andre rosa roser.
 

 
Honningrose
Rosa helenae hybrida - Honningrose. Klatrerose.
Herdighet: H6 - kraftig vekst. Kraftig duft. Engangsblomstrende
 
 
White cover.1991
Kompakt, utbredt vekst, ca 40 cm høy og ca 60 cm brei(H4) 
Middels store, halvfylte kvite blomster i store klaser.
Heiter ’Kent’ i England.
Premiert rose. 
Flott som kantrose.

 
 
Kvit gammal buskaktig rose som veks i familiens nabohage.
Duftar nydelig i juni-julii, og har fylte søte roser. Middel størrelse.
Remonterer ikkje.
 


 
Gamal rose.
Dette er ei av rosene eg har fått, og dermed har eg
ikkje namn på den. Men forstod at det var ei gamal rose.
Den luktar nydelig.
 
 

 
Shneewittchen.Ei heilt kvit buskrose.1958
Medium store halvfylte roser i store klasar.
Middels duft. Ca.1-1/2 m. Remonterer.
Eg klipper den til vanleg nokså mykje ned, og får fin
blomstring. I år klipter eg berre litt - og blomstringa
har vore sparsam....
 



 
Min stolthet....fordi eg har drive den fram sjølv!
Fekk ei rosegrein av eit vennpar. Klipte
den opp i passe små kvister og planta dei i potter
med plastpose over. Fleire sette røter, men berre ei
overvintra. Dette er to-tre år sidan. I år har den
teke på å klatra oppover veggen.....
....og blomstra som eit syn!!!
Kanskje nokon veit namnet ??
Desverre remonterer den ikkje - men slik er det vel
med mange av dei gamle rosene1?
Små-mellomstore halvfylte kvite rose med eit svakt
 rosa skjær før den er heilt utsprungen.
Rosa knoppar.
 
Så eit visdommens ord til slutt:
"Skynd deg ikke, bekymre deg ikke.
Du er bare på et kort besøk,
så glem ikke å stoppe opp
og lukte på blomstene."
Walter C.Hagen