tirsdag 20. august 2013

Rosehagen

ULIKE ROSER - ULIKE FARGAR
 
Denne tirsdagen koser eg meg bilder av litt blanda fargar,
orage-gule, rosa-kvite osv.
 

 
Abraham Darby - Ei David Austin rose frå 1985.
Engelsk rose. Rosa, aprikos og gul. Doble blomster.
Sterk rose og kraftig busk på 1.5 m.høg og 1,25 m.brei.
Den har ein forfriskande men også krydderaktig duft.
Rosa var fin i fjor då eg planta den. Men ei døyde i
løpet av vinteren. Dei to andre er litt puslalege.
Ser og at rosene har fått litt sjukdom.
Ikkje sikker på at dei er litt sterke....
 



 
Mandarinrose
Miniatyrrose med oragegule små blomster.
Ei av dei beste miniatyrrosene.
H4Ca.35 cm.høg.
To av dei 5 rosene mine overlevde ikkje vinteren.
Men dei andre er friske og blomstrar fint saman
med lobelia.
 

 
Rosa Bassino.  1988
Dette er ei låg bunndekkande rose med krypande stenglar.
Ca.3ocm.høg. Den har middels skålforma mørke røde blomster
med gule støvberarar. Sterk rose med lite sjukdommar.
Dei er svært frodige og blomstrar flott.
 
 

 
Tommelise eller Sandefjorsrosa.
Småblomstrande markdekkande miniatyrrose,
som greier seg fint på dei fleste plasser i Norge.
Den blir ca.30 cm.
Sterk mot sopp, ei sterk og god rose.
 
 


 
Westerland. Ei moderne buskrose.
Herdighet H4-H5
Sterkt orangefarga knoppar.
Rose blir store, og etterkvart går dei over i ferskenfarge.
Hos meg den står åleine, saman med kvit sommarfuglbusk,
sidan fargen er litt vanskeleg å kombinera med
andre rosefargar.Blomstrar like flott kvart år.
Skjer den godt ned om våren så den ikkje blir så høg.
 
 

 
Shanty
Denne rosa har eg ikkje funne noko data om.
Eg planta ei rosa i fjor, den er fortsatt flott, fint
blankt bladverk Nye skudd har litt fin rustbrun farge.
Den er rosa med orange farge. Stor rose.
Ei rose eg anbefale!
 
 
 

 
 
Strawberry Ice 1973
Store kvite og rosa farge med rosa kanter.
Motstandsdykktig. H4
Klaserose, i små klaser.
Remonterande, ingen duft.
Rosa såg litt pjusk ut etter vinteren,
men blomstrar fint nå i august.
 
 



 
Rosa Augusta Luise. 1999
Ny rose av året i min hage.
Ei stilkrose, så det kan vera lurt å planta fleire saman.
Ei god snittrose.70cm-90 cm. Dufter godt.
Rosa er sterkt fylt, med rosa, aprikos, rød og gul farge.
 


Evylin - Ei David Austin rose.
Nydelig aprikos farge,
og dufte godt.
Brukt til parafyme.
Ei rose som er fin både saman med rosa
og gule roser.
Mine var litt puslete etter vinteren
og har blomstra litt sparsomt i sommar.

Så eit lite sitat til slutt:
"Når du lar nesen synke ned i en vidunderlig vakker rose,
er hjertet ganske enkelt nødt til å fryde seg ! "
Esther Rantzen
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar