tirsdag 18. februar 2014

VER PÅ VESTLANDET I FEBRUAR

Veret på Vestlandet 
er som tidlegare sagt,
varierande.
Storm og stille
sol og regn
tåke og klarver
kaldt og mildt
ALT har vi hatt til nå i februar.

Storm kan vera 
farlegt
om ein er på/ved
sjøen ein stormfull dag
- det vi desverre høyrt 
dei siste dagane.



Men fasinerande om 
ein kan stå godt inne på land
og ikkje ute i båt.

Bølger på opprørt hav

 

Eg ser utover havet, der bølgene skummar så kvitt
Kjenner på uro i kroppen og sukkar nok bittelitt
Når skal denne uro ta ende, når stilnar bølgenes brus?
Når skal på ny eg få kjenne, vinden som stille sus?

Mest alt det som skjer i livet, liknar på opprørt hav
smerte, sorg og tårer, livet med sine krav.
Eg maktar ikkje å kjempe, knapt nok å be med ord
men berre å kviskre stille – og sukke til Han som er stor.


Han heldt meg så godt i handa, Han støttar meg inn til seg
Han peikar på fine steinar, som ligg på min ferdaveg
Dei steinar som gjorde meg ustø, som la seg i skoen min
Nettopp dei steinane tala – gav svar i mitt såre sinn

Som bølgene bruser mot båten, og steinar gir ujamn veg
slik møter nok mange livet, dei gruar for nye steg
men Jesus er med i båten, i livet, i alt du gjer
Han vil så gjerne hjelpe – berre du opp til Han ser

Så står eg ein dag i båten, sjøen ligg stille og klar
Eg tenkjer, nå kan eg kvile, eg veit at Han alltid gir svar

Inni meg er det glede, glede fordi eg fekk sjå
at nett då bølgene bruste, lærte Han meg å stå.

Jesus er med i båten, om det kan du vere trygg
Då du var redd og uroleg, sjøen så grov og stygg,
trudde du kanskje Han sovna, men trufast Han passar på
det barnet som ofte snublar, Han lærer på ny å gå.  

Nå står eg og kjenner meg sikker, sikker at båten held
sikker at båten har førar, heilt til den siste kveld
Sjølv om eg kan kjenne meg utrygg, og ikkje heilt forstå
så ber det til himmelstranda – det er eg heilt sikker på!


               GH – aug. 2012


Tur mot toppen...


SOL OG FINT!





PÅ TOPPEN-SLUDD/SNØ


SKODDE OG KALDT OG SURT




PÅ NEDOVERTUREN  - SOL !



EIN TRUFAST TURVEN 




HURRA !
ENDELEG -
etter skaden i fjor sommar -
så kan eg gå skog-fjellturar
det kjennest befriande
og uendelegt godt!!
Turen starta med sol og nydeleg ver
-oppover i skogen

Så, då vi nærma oss målet fekk vi
sludd/snø.
Bitande kaldt på toppen...

Men nedover i skogen kom
sola attende !

Uansett
deiligt med ein frisk tur.
Godt for kropp - sjel - og legemet.

Silje

lørdag 8. februar 2014

SKOGSARBEID

Vinteren er tid for skogsarbeid.
Jorda har vore frossen ei tid,
så nå kan traktor og tømmervogn
 komma fram
- det er tid for å slipa motorsagene,
og ta på vernekler.
Eit skogholt med eik og nokre bjøk må ned.





Like før den fell....



...og så var treet felt.....


Uff, så det ser ut her!
Ein del store grantrær,
har stormen i vinter
rive opp med rota eller brokke av.
Nå må desse trea "ryddast" ut av skogen.
Ikkje eit heilt ufarleg arbeid....
Så her må ein hugse på mangt og mykje
- når det gjeld sikkerhet.



Arbeid med motorsag kan vera eit tungt arbeid...







Det seiest at -
"Veden varmer minst tre gonger:
Når du høgg den og stablar den,
når du hale den innadørs,
og når den brenn lystig i peisen
eller i omnen,"

Silje



torsdag 6. februar 2014

Februar på stranda


Februar - og vinter
på stranda 
- og bølger som slår
inn mot land


eg plukkar små steinar
og legg dei i ring
som hjarta 
i sanden
det minner om ting



mitt "hjarta" har mange steinar små
ulike er dei, berre sjå
men saman -ein heilhet
det ser du her


eg elskar små steinar
i mange fasongar
så ulike
tenkjer eg mange gonger


havet har slipt dei
- så fine dei er
tenk ingen er like
eg forstår det ikkje her..


som du og meg 
- forskjellige
- ja,er det ikkje flott !



Eit under - spør du meg !

Her har eg det så godt!






















 Hjertelig hilsen frå 
stranda
- ein dag i februar

Silje












søndag 2. februar 2014

Høner og snøklokker

Høner og snøklokker i hagen.
  Dyra i hagen i slutten av januar.
Litt vel tidleg vår kanskje 
- men allikevel
-det går mot
VÅR !


Humøret steig betrakteleg
på ein slik dag
-nokre solstråler berre,
og eg slapp ut hønene mine
i hagen.


Å, så dei koste seg !








Og nedafor huset,
(ikkje i ly av husveggen)
- stakk snøklokken fram frå frossne jorda.

Slikt gjer ein uendeleg glad
-og ein får ekstra enegi !




SNØKLOKKA
Første blomen i hagen min.
Han står der så kvit,
så rein og så fin.
Han lyser og stråler
og minner meg på,
at snart er det varme
- og sol og vår !

Silje -jan-14