søndag 31. mai 2015

TAKK MAI !

TAKK
KJÆRE MAI !
du vår måned fin !
Takk for alle grøne trær
- for grøne marker og enger
- for alt som gleder eit hagemenneske
- for lys, sol og litt varme
- for fuglesong
og alt som kryp og kravlar fram frå 
dvale

-og takk for alle markblomane,
- med fine fargar og lukter som gjer ein glad!




På siste mai-dag har eg plukka inn ein vårbukkett !
Ingen bukket er vel vakrare enn det!

Jonsokkål, rød jonsokkblomst,
knoll erteknapp, gjerdevikke,
tepperot, blåfiol, markjordbær,
tveskjeggveronika, marikåpe,
skogstjerne, liljekonvall,
blåbærlyng(med små, små blåbær på)
lundstjerneblomst.

Men eg har og funne marimjelle, og engsolei.

Ein del planter takkar for seg,
bøyer hovudet, og visnar bort!
No gjeld det å laga fleire småplanter,
enten med frø, eller med rotstengel.



Vårkål, kvitveis, gaukesyre, løvetann,
kusom, vårpengeurt
og sikkert fleire,
har vist oss fargane sine.
Tusen takk for gledene de har gitt.


Til slutt villapaltrea som blomstrar 
på sitt flottaste no.











Maihelsing
Silje



tirsdag 26. mai 2015

Vårblomster

26.mai-2015

På morgonturen med hunden,
leita eg etter fleire
vårblomster.

Skogstjerne -
kvar er den ?

I fjor fann eg den  
omtrent 14 dagar tidlegare.
Det har tydelegvis vore kaldare i år!
Ikkje sidan 96,
har det vore så kaldt som i år.

HURRA,
eg fann to skogstjerner,
marimjelle,
engsoleie,
og eit fint eksemplar av 
marikåpe.

Så då var turen redda,
for i dag.



Skogstjerne



Marikåpe






Tepperot



Knollerteknapp



Marimjelle



Store områder med blåfioler
blomstrar enndå




Engsoleie eller krypsoleie


Tveskjeggveronika


Men liljekornvallen 
var berre i
knoppstadiet.


Og oppi beite gjekk sauene
og beita.
Syntes synd på lamma i regnværet i går.




MEN - no er det nok 
regn for ei stund !!!

Ønske meg sol og varme.

Hilsen 
Silje


mandag 18. mai 2015

Nasjonaldagen

Været vart betre enn 
det som var meldt.
Litt regn
Litt sol
- Og kaldt!




"Gud signe vårt dyre fedreland,
og lat det som hagen bløma!
lat lysa din fred frå fjell til strand,
og vetter for vårsol røma!
Lat folket som brøder saman bu,
som kristne det kan seg søma! "

















Hipp, hipp, HURRA!
Hurra for Noreg!

Silje

fredag 15. mai 2015

På holmane

Sauer og lam(ikkje alle) er frakta ut til holmane.
Eit stykke med motorbåt
- og vi kan gå i land på ei øy.
ingen bur der,
berre sjøfuglar som hekker.
Derfor er eit stort område av øya freda.
Men sauene er fredelege,
og gjer ingen skade for hekkinga, heldigvis.


For å sjå til sauene,
telja at alle er der,
gi dei litt mat,
og sjå om dei siste sauene har fått lam ute.

Har vi sauer på øya, har vi lov å fara derut,
sjå til og fora dyra.
Så gjer vi "sauajobben" vår,
plukkar litt søppel - å fy a meg...........



nyt synet av begynnande strandnelikk-blomstringa.
og tek bilder sjølvsagt.










...og andre planter.
Nokre reir med egg,
her ein svartbakk(måke) som har starta eggleggjing.




Men det er for tidleg for måkungar enda
- her eit bilete frå 1.juni i fjor.

Her er også eindel ærfugl som hekke.
Eg fann eit reir med egg.



Trur eg kom så brått på fuglen, at den
ikkje fekk "skita" over egga som den plar gjera.
Så flott dun !!

Men eg fjera meg raskt frå reiret 
-etter å ha teke nokre bilder.

På veg heim gjekk vi i land på ein liten holme,
der eit svanepar plar hekka.
Tru om ho ligg der i år også ?




og jammen låg ho der.
Så flott!
Vi tusla oss stille frå plassen.

Eg fekk ein liten ide....
derfor plukka eg nokre fine kvite skjell...
Så får eg sjå om eg har tolmod nok....



Eg nyt slike turar i fulle drag.
"Tøffar" heimover med glede
og fred i sjel og sinn!

Eg nyt sol og flott vårver
- ein fantastisk dag,
og som gir nytt mot
og ny energi!



Frå "Holmane" 
Silje