fredag 15. mai 2015

På holmane

Sauer og lam(ikkje alle) er frakta ut til holmane.
Eit stykke med motorbåt
- og vi kan gå i land på ei øy.
ingen bur der,
berre sjøfuglar som hekker.
Derfor er eit stort område av øya freda.
Men sauene er fredelege,
og gjer ingen skade for hekkinga, heldigvis.


For å sjå til sauene,
telja at alle er der,
gi dei litt mat,
og sjå om dei siste sauene har fått lam ute.

Har vi sauer på øya, har vi lov å fara derut,
sjå til og fora dyra.
Så gjer vi "sauajobben" vår,
plukkar litt søppel - å fy a meg...........



nyt synet av begynnande strandnelikk-blomstringa.
og tek bilder sjølvsagt.










...og andre planter.
Nokre reir med egg,
her ein svartbakk(måke) som har starta eggleggjing.




Men det er for tidleg for måkungar enda
- her eit bilete frå 1.juni i fjor.

Her er også eindel ærfugl som hekke.
Eg fann eit reir med egg.



Trur eg kom så brått på fuglen, at den
ikkje fekk "skita" over egga som den plar gjera.
Så flott dun !!

Men eg fjera meg raskt frå reiret 
-etter å ha teke nokre bilder.

På veg heim gjekk vi i land på ein liten holme,
der eit svanepar plar hekka.
Tru om ho ligg der i år også ?




og jammen låg ho der.
Så flott!
Vi tusla oss stille frå plassen.

Eg fekk ein liten ide....
derfor plukka eg nokre fine kvite skjell...
Så får eg sjå om eg har tolmod nok....



Eg nyt slike turar i fulle drag.
"Tøffar" heimover med glede
og fred i sjel og sinn!

Eg nyt sol og flott vårver
- ein fantastisk dag,
og som gir nytt mot
og ny energi!



Frå "Holmane" 
Silje

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar