tirsdag 18. februar 2014

VER PÅ VESTLANDET I FEBRUAR

Veret på Vestlandet 
er som tidlegare sagt,
varierande.
Storm og stille
sol og regn
tåke og klarver
kaldt og mildt
ALT har vi hatt til nå i februar.

Storm kan vera 
farlegt
om ein er på/ved
sjøen ein stormfull dag
- det vi desverre høyrt 
dei siste dagane.



Men fasinerande om 
ein kan stå godt inne på land
og ikkje ute i båt.

Bølger på opprørt hav

 

Eg ser utover havet, der bølgene skummar så kvitt
Kjenner på uro i kroppen og sukkar nok bittelitt
Når skal denne uro ta ende, når stilnar bølgenes brus?
Når skal på ny eg få kjenne, vinden som stille sus?

Mest alt det som skjer i livet, liknar på opprørt hav
smerte, sorg og tårer, livet med sine krav.
Eg maktar ikkje å kjempe, knapt nok å be med ord
men berre å kviskre stille – og sukke til Han som er stor.


Han heldt meg så godt i handa, Han støttar meg inn til seg
Han peikar på fine steinar, som ligg på min ferdaveg
Dei steinar som gjorde meg ustø, som la seg i skoen min
Nettopp dei steinane tala – gav svar i mitt såre sinn

Som bølgene bruser mot båten, og steinar gir ujamn veg
slik møter nok mange livet, dei gruar for nye steg
men Jesus er med i båten, i livet, i alt du gjer
Han vil så gjerne hjelpe – berre du opp til Han ser

Så står eg ein dag i båten, sjøen ligg stille og klar
Eg tenkjer, nå kan eg kvile, eg veit at Han alltid gir svar

Inni meg er det glede, glede fordi eg fekk sjå
at nett då bølgene bruste, lærte Han meg å stå.

Jesus er med i båten, om det kan du vere trygg
Då du var redd og uroleg, sjøen så grov og stygg,
trudde du kanskje Han sovna, men trufast Han passar på
det barnet som ofte snublar, Han lærer på ny å gå.  

Nå står eg og kjenner meg sikker, sikker at båten held
sikker at båten har førar, heilt til den siste kveld
Sjølv om eg kan kjenne meg utrygg, og ikkje heilt forstå
så ber det til himmelstranda – det er eg heilt sikker på!


               GH – aug. 2012


Tur mot toppen...


SOL OG FINT!





PÅ TOPPEN-SLUDD/SNØ


SKODDE OG KALDT OG SURT




PÅ NEDOVERTUREN  - SOL !



EIN TRUFAST TURVEN 




HURRA !
ENDELEG -
etter skaden i fjor sommar -
så kan eg gå skog-fjellturar
det kjennest befriande
og uendelegt godt!!
Turen starta med sol og nydeleg ver
-oppover i skogen

Så, då vi nærma oss målet fekk vi
sludd/snø.
Bitande kaldt på toppen...

Men nedover i skogen kom
sola attende !

Uansett
deiligt med ein frisk tur.
Godt for kropp - sjel - og legemet.

Silje

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar