søndag 23. mars 2014

MARSHAGEN

gir håp om sol, varme fine dagar
og hagearbeid.

Synes februarhagen er trist...
men nå i slutten av mars lysnar det
på mange ulike måtar.
Etter skogstur og "søndagsmiddag"
på bål ute,
måtte eg ha meg ein liten tur 
rundt i hagen.
Så deiligt,
det spirer og gror både her og der.
Blad og knoppar kappast
om å visa seg
-og gleda meg !














Blir dei store flotte gule påskeliljene avblomstra
til påske i år tru?



Roseskudda har fått fart på seg.
Skulle nesten ha klipt rosene nå.
Men er det ikkje i tidlegaste laget ?




Maria nøkkelblom er ein nydeleg lys gul vårblomst!
Frøa er frå Nord-Noreg, men blomstene trivest godt i 
VESTLANDSHAGEN

Her ser ein tydeleg spor etter regn -og "sorpever" i blomsterbedet.



Desse trives best i sand/grus ser det ut for.
Ein blåfarge eg synest er nydeleg!!



Kuleprimulaen har og stikke blomsterhovudet fram.




Snøklokkene har visna ned, medan klosterklokkene
framleis blomstre.







Gullkorg står med store knoppar,
det er like før!
Glede meg til desse lysande gule solene.




Det har vore mykje ver her i det siste, 
regn og storm i massevis !
Drivhuset mitt holdt på å blåsa bort,
men vi redda det i siste liten, 
med presenning og tau.

Plasten har halde berre to år denne gongen.
Men nå treng eg hjelp til å skifta !

Denne veka har dei lova strålande ver.
Glede meg! 
Då blir det litt hagearbeid - endeleg !!

Ein fin søndagskveld.
Silje

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar