torsdag 20. mars 2014

Tradisjonsbaking

FLATBRØD
I mange år har vi baka
grovt "vikingflatbrød" med skuleelevane,
når emnet "Vikingane" har stått på timeplanen.
"Vikingmat" har vore spennande,
også for gutane!
Vi har til og med vore i eit
gamalt "eldhus" og baka med elevane !
Kjempespennande.











Eg leita etter flatbrød på nettet,
og opp kom haugevis av ulike
oppskrifter !

Fann ei oppskrift som eg lika godt.
Har baka både med venninne,
og åleine.
Koseleg aktivitet å gjera saman.

Deigen var god å arbeida med,
og eg kunne kjevla leivane veldig tynne.
Flatbrøda vart gode og sprø.



Du treng steikkehelle(takke),
segldukunderlag (men dette er ikkje nødvendig)
Krotakake-kjevle (ikkje slett kjevle)
"bakste-fløy"
(pinne til å rulla leiven over på- opp på takka.
Liten kost, pensel til å børsta
bort overflødig 
mjøl på takka og flatbrødleiven.




OPPSKRIFT:

FLATBRØD 

Ca. 12-15 store flatbrød

250 gr.byggmjøl
250 gr. sammalt rug, fint
250 gr. kveitemjøl
2 ts. salt
6 dl. lunka vatn. Ikkje ta frå springen, 
men varm det opp på komfyren.

Bland alt mjølet og saltet saman med det lunka vatnet.
Trill deigen ut til ei pølse.
Dersom du lagar ein U av pølsa skal deigen 
ikkje sprekka opp i svingen.
Dersom deigen gjer det, må du tilsetja meir vatn.
Form deigen til ei lang pølse som du deler i 12-15 boller.
Kjevl desse bollene ut til tynne flatbrød.
Steikjast på god varm takke. 
(På mi takke passar trinn 6 bra)
Det beste er å bruka elektrisk takke,
men du kan prøve å steikja dei over bål på 
varm steikjehelle !

Mine erfaringar:
Eg dele deigen i 16 boller.
Seilduk til bakeunderlag er supert !
Eg bruker ein god del mjøl, det er viktig at ikkje leiven
klistrar seg fast i underlaget.
Klappar først bolla flat med hanbaken, og snur så deigen
- med mjøl under.
Kjevlar ei stund og snur leiven.
Hugs å kjevla frå midten og ut.
Fortset slik til leiven er fin og tynn.
Sjå på bileta korleis eg forsiktig rullar nesten heile leiven
på "bakstefløyen" - og så rullar den raskt ut på takka.

PS! det er ikkje vanskeleg å laga fine tynne flatbrød.

Legg dei oppå ei rist med eit tøy.
Når bakinga er slutt - kan ein brekka passe bitar til
flatbrødboksane.
Flott å gi bort heimebaka flatbrød i td. litt pynta "isboksar".

Ps!
Dette er ikkje oppskrifta på 
"Vikingflatbrød".
Er nokon inter. lagar eg gjerne 
ei side med den oppskrifta.

Lykke til med koseleg tradisjonsrik 
FLATBRØDBAKING !

Mmmmmmm ...nydelegt til spekemat, lapskaus og mange
andre matrettar.
.......eller rett og slett til kveldsteen med meierismør på !!



Hilsen Silje

1 kommentar:

  1. Wow så moro det må være å gjøre sammen med barna og så artig å kunne bevare gamle oppskrifter og tradisjoner.
    De ser kjempegode ut Silje og smaker nok til det meste.

    God helg fra Marit.

    SvarSlett