mandag 2. desember 2013

roser i desember

Det gjer godt å gå
ut i hagen på denne kalde
årstida - og nyta årets siste roser !
 
Dei små Bonica rosene gir ikkje opp.
Heller ikkje dei litt større
Leonardo da Vinci.
Desse to rosa rosene har blomstra
utrulegt flott utover heile
sommaren
- og nå -
i desember !
 



 
Det hev ei rose sprunge
 
Det hev ei rose sprunge
ut av ei rot så grann.
Som fedrane hev sunge:
Av Isais rot ho rann,
og var ein blome blid
midt i den kalde vinter
ved mørke middnatts tid.
 



Om denne rosa eine
er sagt Jesajas ord.
Maria møy, den reine,
bar rosa til vår jord.
Og Herrens miskunnsmakt
det store under gjorde
som var i spådom sagt.
 



 
Guds rose ljuvleg angar
og skin i jordlivs natt.
Når hennar ljos oss fangar,
ho vert vår beste skatt.
Vi syng i englekor:
No er det fødd ein Frelsar,
og natta vart til dag.
 

 
Silje


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar