lørdag 7. desember 2013

SNØLANDSKAP -JULEBAKST

I dag vart det tid for
 mellom anna to kjekke ting:
baking og tur ut i snøen -
med min gode turkammerat.
Som veret her på Vestlandet
kan veksla -
alt frå storm -til stilla
frå kaldt - til mildt
frå regn, sludd og hagl - til snø
I natt kom her meir snø
- og i dag har veret vore "julekort"
tilstandar her.
 






 
"Sneen daler lett og fin
og strøk blitt mot ruten min
i morges da jeg drømte på min pute.
Vi tok skjerf og votter på,
hastet veldig med å gå!
Snart var det tusen
barnespor her ute!
Og vi tenner våre lykter når det
mørkner,
og når alle lyder pakkes inn
i vatt.
Ja, vi tenner våre lykter når
det mørkner.
Kanskje lyser de til kvelden si`r god natt."
 
 
 
Hagen - ikkje til å kjenna igjen.
 



Pelssauene våre har tjukk og god ull, og blir heller
ikkje klipt om hausten
- derfor tåler dei godt vinterveret
her på Vestlandet.






Tyder på at det er blitt mildare...
 




 
Så deiligt med slikt ver også !
 
I dag var det pepparkakene
som stod for tur.
FØR - venta ungane alltid
på at vi skulle baka desse kakene
- og så var deigen så utrulegt god......
syntest dei...
dei baka og
åt-
åt og baka.

 
 Men tidene forandrar seg.
I dag var det sol og snø, og flott
skiføre. Så ungdommane fann fram skia
og kosa seg i vinterveret.
Uner dei sjølvsagt det.
 
Var fornøyd med baksten.
Pepparkakeoppskrifta mi er bra!
Så vart det julekaker til kaffien,
då eg endeleg var ferdig!
I går baka min mann og eg kransekakestenger,
som er familiens favoritt !!
 
Så - kan ein berre håpa på finver i
morgon - og ikkje regn som det er
meldt.
 
Lørdagshilsen
Silje
 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar