onsdag 29. januar 2014

Kinakoppar

Så kjekt å få slik ein koseleg
PRESANG !
og så praktiske dei var.
Te-koppar
snakkar eg om.
Ekte kina-koppar.
Eg er veldig glad i te
alle slag.



Fire deler.
Syntes det såg ut som noko dill-dall
då vi fekk dei.


Men lurt å prøva ein ting
før ein uttale seg...
Oppi koppen er det ein sil,
her slår ein
te i laus vekt.




- slår deretter vatn oppi her,
og set på lokket.
Vent !


Ta opp"te-silen"
og set den på tefatet.

Så er det bare å nyta teen
i lange drag, med ei god bok,
(no:Porselenspiken av Gunn Marit Nisja)
Blir boka for spannande
- og du vil drikka teen om ei stund
- så set ein lokket på koppen !
Genialt - ikkje sant !

Ha ein fin ondagskveld,


med - eller utan kinate-kopp!

Silje


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar